Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dei ubehagelege spørsmåla

Kritisk journalistikk er ein del av samfunnsoppdraget til pressa. Derfor blir pressa ofte blir omtalt som «den fjerde statsmakta».

Justisminister Anders Anundsen  blir intervjuet av journalister. Foto.
Tidlegare justisminister Anders Anundsen blir intervjua av journalistar

Bakgrunnsstoff

Før du svarar på oppgåvene, bør du sette deg inn i omgrepet "den fjerde statsmakta" og lese Sven Egil Omdal sin mediekommentar

Anundsen-metoden

Oppgåve 1

  1. Forklar kvifor pressa ofte blir omtalt som «den fjerde statsmakta».
  2. Journalistar stiller ofte ubehagelege spørsmål til politikarar. Kvifor er dette ein del av samfunnsoppdraget til pressa?
  3. Forklar forskjellen mellom opne og lukka spørsmål.
  4. Som oftast vel journalistar å stille opne spørsmål, men av og til stiller dei eit lukka spørsmål til ein politikar. Kva kan grunnen vere til det?
  5. I mediekommentaren «Anundsen-metoden» gjer Sven Egil Omdal eit poeng av at journalistar ikkje får høve til å stille oppfølgingsspørsmål til justisminister Anders Anundsen (Frp). Kvifor er slike spørsmål spesielt viktige når ein intervjuar ein politikar?
  6. Korleis svarer Anundsen på skuldingane om at han gjer seg utilgjengeleg for pressa?

Oppgåve 2

Tenk deg at du er journalist. Formuler to opne og to lukka spørsmål til justisministeren om asylpolitikken til regjeringa.

Oppgåve 3

Tenk deg at du er medierådgjevar for justisminister Anders Anundsen. Kva for råd vil du gi han når det gjeld handtering av kritiske journalistar?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale