Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. A Year Inside the New York TimesChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

A Year Inside the New York Times

I filmen Page One: A Year Inside the New York Times (2011) følgjer vi den amerikanske storavisa New York Times i eitt år. Andrew Rossi har skrive manus til og regissert filmen.

Då filmen blei laga, var avsløringane til WikiLeaks eit heitt tema i redaksjonar verda over. Mange av dei problemstillingane som denne filmen tek opp, er aktuelle problemstillingar i norske mediehus i dag.

Desse oppgåvene er laga av NDLA for Kampanjen for journalistikken.

Oppgåve 1

Sjå dei først 12 minutta av filmen og svar på spørsmåla nedanfor:

  1. Kva fortel filmen om stoda til mange amerikanske aviser?
  2. Kva for økonomiske endringar er det som ligg til grunn for denne situasjonen?
  3. Kva for endringar er det som utfordrar journalistane i New York Times?
  4. Kva gjekk Watergate-skandalen ut på, og korleis blei han kjend?
  5. Kva er dei vesentlege forskjellane mellom Watergate-avsløringane og WikiLeaks-avsløringane?
  6. Kva for innvendingar har journalistane i New York Times mot måten WikiLeaks jobbar på?

Oppgåve 2

Sjå resten av filmen og lag eit kort samandrag av innhaldet (maks. 500 ord).

Oppgåve 3

Skriv ein mediekommentar på maks. 1000 ord med tittelen:

Gravejournalistikken er død. Kva no?

Læringsressursar

Journalistikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale