Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Rollespel om kjeldekritikk

Eit rollespel der du som journalist må vurdere om kjeldene er truverdige. Elevane i klassen får tildelt roller som journalistar eller kjelder. Oppdrag journalistar:

De er journalistar i lokalavisa. På morgonmøtet i redaksjonen får de tildelt to saker. I første fase skal de samle inn informasjon frå desse kjeldene. Deretter skal de vurdere om kjeldene er truverdige. Er det førstehandskjelder eller andrehandskjelder? Vel kva for kjelder de vil bruke, og kva for kjelder de ikkje vil bruke. Grunngi valet. Når de har gjennomført intervju med alle dei involverte, skal de oppsummere saka og presentere henne for klassen.

Sak 1

beitende sauer. Foto.
  • 45 min pr. rollespel, inklusiv oppsummering i klassen. Start med å fordele desse rollene: journalistar
  • bonde
  • hundeeigar
  • politibetjent
  • nabo 1
  • nabo 2

Case:

To naboar er i konflikt. Den eine er bonde og har sauer på jordet sitt. Den andre naboen har ein hund som han likar å ha laus på tomta si. Nokon har tipsa lokalavisa. På morgonmøtet blir redaksjonen samde om å lage ei sak om denne nabofeiden.

Rolle: Bonde

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla) Sjå rettleiing

Du er opprørt og sinna på naboen din som alltid skal ha hunden sin laus. Du meiner hunden jagar sauene dine, og påfører dei unødvendig stress. I tillegg meiner du bestemt at denne nabohunden har drepe to av sauene dine. Du har ikkje sett at det var denne hunden, men meiner det ikkje kan vere nokon annan som har gjort det. Du trugar no med å skyte hunden dersom du ser at han nærmar seg sauene dine.

Rolle: Hundeeigar

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla) Sjå rettleiing:

Du er opprørt og sinna på naboen din som er bonde. Han meiner hunden din jagar sauene hans. Men du har alltid hunden din under oppsyn når han er laus, og du er sikker på at han aldri har vore over på tomta til bonden. Du nektar å ha hunden i band, når han ikkje har gjort noko gale. I tillegg meiner du det er frekt og unødvendig av bonden å truge med å skyte hunden din. Du veit at hunden din ikkje har drepe sauene til naboen, sidan du alltid følgjer med på hunden din. Du har meldt bonden for uvettig bruk av våpen, sidan bonden fleire gonger har truga med gevær og sagt at han vil skyte hunden.

Rolle: Politibetjent

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla) Sjå rettleiing:

Du har fleire gonger blitt tilkalt til ein gard på grunn av nabobråk. Bonden meiner at naboen har ein hund som jagar og drep sauene hans. De har blitt tilkalt to gonger på grunn av sauer som er funne drepne. Bonden har ikkje sett kven som har drepe sauene. Naboen, som eig hunden, meiner at han alltid passar på hunden når han er laus ute, og at det derfor ikkje er mogleg at det kan vere hunden hans som har drepe sauene. Hundeeigaren har meldt bonden for uvettig bruk av våpen, sidan bonden fleire gonger har truga med gevær og sagt at han vil skyte hunden.

Rolle: Nabo 1

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing:

Du har to naboar som kranglar. Den eine, som er bonde, meiner at hunden til den andre naboen jagar og drep sauene hans. Du veit ikkje om dette er sant eller ikkje. Men du synest det er plagsamt med denne kranglinga. Dessutan synest du hundeeigaren bråkar plagsomt mykje på nettene i helgene, og at hunden hans bjeffar for mykje når han er ute. Når journalistane snakkar med deg, fortel du at du kanskje trur at du har sett denne hunden gå til åtak på sauene. Det er ein fordel for deg om hundeeigaren ikkje får behalde hunden sin.

Rolle: Nabo 2

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing:

Du har to naboar som kranglar mykje. Den eine, som er bonde, meiner at hunden til den andre naboen hjagar og drep sauene hans. Du veit ikkje om dette er sant eller ikkje. Bonden trugar hundeeigaren med gevær og seier ofte at han skal skyte hunden. Du har små barn og synest dette er svært ubehageleg. Du liker ikkje at naboer går rundt med skytevåpen og trugar med å skyte. Du trur ikkje noko på at nabohunden kan vere så ille at det er grunn til å skyte han.

Sak 2

ung mann på bar. Foto

45 min pr. rollespel, inklusiv oppsummering i klassen. Start med å fordele desse rollene:

  • mann (20 år)
  • politibetjent
  • eigar av utestaden
  • tilsett i baren
  • mann i same dokø
  • kvinne på utestaden

Case:

Ein mann på 20 år har blitt slått ned på ein utestad. Lokalavisa blir tipsa om saka. På morgonmøtet blir redaksjonen samde om å lage ei sak om denne hendinga.

Mann (20 år)

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rollen). Sjå rettleiing:

Du har blitt slått ned på ein utestad. Grunnen til at du blei slått ned, er at du starta å krangle med ein annan mann i dokø. Det som i starten var ein diskusjon om kven som stod først i køen, blei etter kvart alvorleg. Du hugsar at den andre mannen tok tak i skjortekragen din, og at alt så blei vart. Du hugsar ikkje meir før du kom til deg sjølv på utsida av utestaden. Nokon hadde fått deg ut og tørka bort det verste blodet. Gjerningsmannen var borte. Du drog på legevakta og fekk konstatert brot i nasa og alvorleg hjernerysting som følgje av fallet etter slaget. Du ønskjer ikkje å stå fram med namn i avisa.

Politibetjent

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing:

Du bekrefter at det har vore ein episode på ein utestad. Ein ung mann har blitt slått ned og er no frakta til legevakta. Gjerningsmannen er ikkje teken.

Eigar av utestaden

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing

Du er ikkje interessert i å kommentere denne saka noko særleg, sidan det ikkje er spesielt positivt for utestaden din. Du seier at du var på jobb på det aktuelle tidspunktet, men at du ikkje har sett noko spesielt. Du fortel også at stort sett oppfører kundene dine seg veldig fint. Det er generelt lite fyll og bråk på utestaden.

Tilsett i baren

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rollen). Sjå rettleiing:

Du har fått beskjed av sjefen din at det berre er han som får uttale seg om saka. Du fekk med deg kva som skjedde, men kan ikkje seie noko om det til journalistane.

Mann i same dokø

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing:

Du stod i same dokø som dei to mennene som krangla. Du var ganske rusa då det skjedde, og hugser ikkje heilt detaljane. Du fekk med deg at nokon slo, og at han eine gjekk i bakken. Og du meiner å hugse at det var han som blei slått ned, som starta heile krangelen.

Kvinne på utestaden

Rollebeskriving (skal berre lesast av den som spelar rolla). Sjå rettleiing:

Du har ikkje sett noko av det som har skjedd, men du har høyrt frå andre at det var ein kjempestor slåsskamp i dokøa på utestaden. Du var og dansa då det skjedde, og fekk det derfor ikkje med deg. Men fleire har sagt til deg at dei involverte var veldig sinte, og at det var han som blei slått ned, sin eigen feil, sidan han var svært provoserande.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale