Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Ein heilt vanleg dag på jobben?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ein heilt vanleg dag på jobben?

Oppgåver om presseetikk og kjeldehandtering i filmen En helt vanlig dag på jobben.

Filmen En helt vanlig dag på jobben er regissert av Terje Rangnes etter eit manus av Erlend Loe. Manuset er basert på ei bok av tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs med same tittel. Melnæs blei tilsett som journalist i Se og Hør i 1996 og var over fleire år involvert i vekebladet sine skriveri om tilhøvet mellom kronprinsesse Mette Marit og den alkoholiserte faren hennar.

Filmen er spesiell fordi han byggjer på ei historie frå verkelegheita som handlar om nolevande høgt profilerte personar i det norske samfunnet. Mange meiner også at filmen gir eit unikt innblikk i det som går føre seg bak kulissene i det vi gjerne kallar «sladrepressa».

Filmen er ein fiksjon, men inneheld klipp frå verkelege hendingar, noko som gir filmen eit dokumentarisk preg. Det dokumentariske blir forsterka av at filmen startar med ein samtale mellom den verkelege journalisten (Melnæs) og skodespelarane som skal framstille den fiktive historia.

Oppgåver

Sjå filmen En helt vanlig dag på jobben. Filmen varer i 1 time og 22 minutt.

  1. Kva reagerer den unge journalisten på når han som nytilsett journalist møter dei andre tilsette i Folk Flest?
  2. Kva er det som gjer at han etter kvart tilpassar seg den yrkesetikken som gjeld i redaksjonen?
  3. Vurder om yrkesetikken som blir handheva i denne redaksjonen bryt med Ver Varsam-plakaten. Kva for punkt i plakaten blir haldne, og kva for punkt blir ikkje følgte?
  4. Kva kan grunnen vere til at enkelte redaktørar vel å bryte med delar av Ver Varsam-plakaten?
  5. Studer tilhøvet mellom journalistar og kjelder i filmen. Kven utnyttar kven? Grunngi svaret med eksempel frå filmen.
  6. Korleis utviklar tilhøvet mellom den unge journalisten og Sven O. Høiby seg i løpet av filmen?
  7. Kva er det som gjer at journalisten til slutt vel å seie opp jobben sin?
  8. Forklar omgrepa fakta, fiksjon og faksjon. Kva for kategori tilhøyrer denne filmen? Grunngi svaret.
  9. Forklar omgrepet metaperspektiv.
  10. Kva oppnår manusforfattaren og regissøren ved å bruke eit slikt perspektiv i denne filmen?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale