Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Journalistikk

Korleis lagar du ei god journalistisk sak? Kvar startar du, og korleis legg du saka til rette for ulike medium? Dette emnet gir deg grunnleggjande innsikt i det å jobbe som journalist, og kva det inneber når det gjeld kjeldekritikk, etiske overveiingar, kriterium for kva som er ei viktig nyheit, og oppbygging av ei nyheitssak.

Rapparen 50 cent blir intervjua av den unge VG-journalisten Siri Færder. Fotografi.
Som journalist får du høve til å snakke med mange spennande menneske. Her intervjuar den unge VG-journalisten Siri Færder rapparen 50 cent i samband med Quart-festilvalen i 2007.

Journalistikk og demokrati

Ei viktig oppgåve for nyheitsmedia er å informere oss om det som skjer lokalt, nasjonalt og elles i verda. God journalistikk er ein føresetnad for demokratiet. Vi må vite kva som skjer, for å ta fornuftige standpunkt. Ei av dei viktigaste oppgåvene til journalistikken er dessutan å sjå til at politikarar, pengesterke aktørar og andre som har innverknad i samfunnet ikkje misbruker makta si. Derfor blir media ofte kalla «den fjerde statsmakta». Journalistikken skal i tillegg underhalde og opplyse oss slik at vi kan gjere kloke val, både kulturelt og som forbrukarar.

Journalistiske sjangrar og nyheitskriterium

Det finst mange ulike sjangrar innan avis-, web-, radio- og fjernsynsformata. Kvar sjanger har sine spesielle kjenneteikn. Når du skal tolke nyheitsbiletet, er det viktig å vite om det du ser, høyrer eller les, er meininga til ein einskild person, eller ei mest mogleg objektiv skildring av noko som faktisk har skjedd. Ein mediekommentar er eit eksempel på subjektiv journalistikk, der journalisten kommenterer det som har skjedd. Ein nyheitsartikkel er eksempel på objektiv journalistikk som refererer hendingar og gjerne lèt folk med ulike synspunkt på ei sak komme til orde.

Presseetikk og nyheitskriterium

Ver Varsam-plakaten pålegg journalistar å forholde seg til eit sett med presseetiske reglar. Journalisten har eit ansvar for å gi sann informasjon. Det krev kunnskap om kjeldekritikk. Journalisten har også ansvar for at menneske som kjem i søkjelyset til media, blir behandla på ein ordentleg måte i det som blir formidla gjennom tekst og bilete.

Nyheitskriteria seier noko om kva ei god og viktig nyheit er, og hjelper deg med å finne ut om ei sak er interessant for publikum eller ikkje. Etter at tema, vinkling og sjanger er bestemt, må du jobbe med oppbygging av det journalistiske produktet. Det er eit handverk som krev øving og kjennskap til grunnleggjande komposisjonsprinsipp.

Å jobbe i nyheitsbransjen

I nyheitsbransjen og underhaldningsjournalistikken finn vi ei heil rekkje ulike yrke. I læringsstiane som er knytte til dette emnet, møter du ein ung nyheitsjournalist som sjølv har teke utdanninga si innan medium og kommunikasjon. Du møter også ein nyheitsredaktør og ein vaktsjef, og nokre andre redaksjonelle medarbeidarar som jobbar i nyheitsmedium. Nyheitsbransjen er i endring. Det får betydning både for publikum og for dei som planlegg å jobbe i bransjen i framtida.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale