Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Naturen som inspirasjon i interiør

Naturen rundt deg kan vere inspirasjonsgrunnlag for val av interiørprodukt. La deg inspirere av fargane du finn i naturen, og bruk dette til å setje saman ulike interiørprodukt.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Del 1: Finn inspirasjon og fotografer ulike motiv i naturen

  1. Gå ut i hagen eller i naturen i nærmiljøet ditt. Sjå etter ulike motiv som inneheld fargar. Motivet kan vere ein blomster, steinar, fleire grønfargar, ut mot havet og liknande.
  2. Ta fleire bilete og vel ut det beste fotoet. Fargane i biletet skal vere utgangspunktet når du skal velje interiørprodukt til eit rom.
Nærbilete av grøne og raude stikkelsbær. Foto.

Fargepalett basert på fargane i ein stikkelsbærbusk.

Del 2: Bruk fargepaletten i biletet ditt til å setje saman interiørprodukt

  1. Vel kva slags rom du vil møblere.
  2. Søk i nettbutikkar eller besøk ulike butikkar som sel interiørprodukt viss de har høve til det. Sjå etter interiørprodukt som inneheld fargar frå biletet du har valt.
  3. Ta bilete av produkta du finn i interiørbutikken. Det kan vere puter, pledd, dukar, vasar, lysestakar, lykter og liknande.
  4. Tenk komposisjon og layout når du skal presentere biletmaterialet ditt.
  5. Sei litt om butikken der du fann interiørprodukta, og korleis du vil setje dei saman i eit interiør.
  6. Vurder korleis fargepaletten frå naturen fungerer i interiøret?
Bølgje som bryt. Foto.

Fargepalett henta frå ei bølgje som bryt.

Bordplate med vasar og ein kvit sofa med blå puter i eit gråblått rom. Foto.

Fargepaletten i biletet over er brukt i interiøret.


Sist oppdatert 15.06.2020
Tekst: Elise Marie Eriksen og Inger Gilje Sporaland (CC BY-SA)

Læringsressursar

Interiør

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar