Hopp til innhald

Fagartikkel

Helse- og livsstilsjournalistikk

Helsejournalistikken gir oss viktig informasjon om helsefaglege og helsepolitiske spørsmål. Livsstilsjournalistikk tek opp tema som kjem inn på intimsfæren vår. Livsstil handlar blant anna om val av klede, sminke, kosthald og trening.

LK20
Eit kjempestort raudt virus svever over grupper av små menneskefigurar som står i ulike grupper og formar eit verdskart. Illustrasjon.

Kritisk helsejournalistikk basert på grundig kjeldekritikk er spesielt viktig når ein pandemi trugar liv og helse.

Helsejournalistikk informerer og underheld

Helsejournalistikk er eit vidt omgrep som omfattar alt frå dekning av helsepolitiske vedtak og helserelatert forsking til tips og råd om ulike diettar, treningsformer, vaksinar og kosttilskot. Tidlegare var kjeldene for helsejournalistikken stort sett medisinske ekspertar og helsemyndigheiter. I dag har ikkje desse kjeldene like stor autoritet. Det har ført til at pasientane sine individuelle erfaringar kjem meir i fokus.

Media kjempar om merksemda til mottakarane, og saker som oppfyller nyheitskriterium som nærleik, personifisering, konflikt og sensasjon, verkar å vere attraktive. Media fortel derfor ofte historier om enkeltpersonar i kamp mot systemet. Pasient- og brukarorganisasjonar bidreg til å setje slike saker på dagsordenen til media. Mange saker handlar om manglar ved lokale helsetilbod og omsorgstenester, og mediedekninga fører ofte til at saka hamnar på bordet hos politikarane.

Ein del aviser og vekeblad har eigne «ekspert-spalter» der legar, psykologar, trenarar og kosthaldsekspertar kjem med velmeinte råd. Ein del av dette innhaldet ligg i grenselandet mellom journalistikk og underhaldning. I ekspertspaltene møter vi menneske vi kan identifisere oss med. Vi kan derfor ta med oss råda frå ekspertane inn i vår eigen kvardag. Dessutan tilfredsstiller ein del av desse historiene «kikkar-mentaliteten» vår, sidan dei inneheld mange intime, fortrulege detaljar.

Kritisk helsejournalistikk

Nært bilete av eit operasjonsteam. Tre legar er iførte blå frakkar, munnbind og hårnett. Den eine held eit operasjonsinstrument. Foto.

Større mediehus har graveredaksjonar som jobbar med kritisk helsejournalistikk. I dette arbeidet er helsestatistikk ei viktig kjelde.

Kritisk helsejournalistikk set søkjelyset på strukturelle problem i helsesektoren. Det kan til dømes handle om mangel på ressursar og kapasitet, prioritering av kva grupper som får behandling, eller moglegheiter til å søkje behandling i utlandet.

På parti med pasienten

Når det oppstår ein konflikt mellom pasient og helsevesen, tek journalisten i dei aller fleste høva parti med pasienten. Eitt døme er NRK Sørlandets dekning av saka om ein lege som feilopererte ei rekkje personar på Sørlandet sjukehus. Han fekk halde på i mange år før det fekk konsekvensar for han, mens pasientane måtte leve med til dels stor funksjonshemmingar i etterkant av operasjonane.

Sjå feature-reportasjen De ødelagte.

Når media tek opp helserelaterte saker, blir dei ofte belyste med casar vi kan identifisere oss med og kjenne empati for. Helseinformasjon om enkeltpersonar er i utgangspunktet underlagd teieplikt, og det gjer at kjeldegrunnlaget journalistane jobbar med, kan vere mangelfullt og einsidig.

Debatt om vanskelege prioriteringar

Prioriteringar i helsevesenet og diskusjonar rundt praksis på område som gjeld livet og helsa til folk, er ofte tema i politiske debattar i radio og TV. Helsepolitikk byr på etiske dilemma som det ikkje finst eintydige svar på, men som det er viktig å belyse i den offentlege samtalen, slik at ulike stemmer får kome til orde.

Eit døme er debatten om den livsforlengjande medisinen Spinraza berre skal bli tilboden til barn og unge, eller også til alvorleg sjuke over 18 år. Følg NRK programmet Debatten (2018) frå 00:26:28 til 00:41:48.

Livsstilsjournalistikk

Livsstilsjournalistikk er journalistikk som tek opp tema som berører intimsfæren, det vil seie privatlivet vårt. I samfunn som legg stor vekt på individets eigenart og sjølvstende, blir måten vi framstiller oss sjølv på gjennom val av livsstil, viktig. Derfor oppsøkjer mange informasjon som kan hjelpe dei med å styrkje og utvikle livsstilen sin, anten det gjeld val av klede, utdanning, heimeinnreiing eller feriemål.

Service-journalistikk i form av livsstilsjournalistikk og forbrukarjournalistikk har lenge dominert i vekeblada. Brita Ytre-Arne ved Universitetet i Bergen har gjort fleire studiar av den nordiske magasinmarknaden. Ho peikar på at vekeblad som er retta mot kvinner, i stadig større grad fokuserer på saker om skjønnheit, mote og livsstil, og dermed mindre på reportasjar om politikk og samfunn.

Overskrifter i vekebladet Henne Vakker

  • Alt om fettsuging: Flat mage for alltid

  • Botox-guide

  • Rens huden yngre

  • Sprettrumpe på 6 uker

Kva synest du om denne forma for journalistikk?


Vekeblada rettar seg mot godt vaksne kvinner. Unge jenter får i dag dekt behovet for livsstilsinformasjon gjennom bloggar og sosiale medium, men innhaldet der har mykje til felles med døma ovanfor.

Populært stoff òg i aviser og TV

Etter kvart har livsstilsjournalistikk blitt populært stoff òg i aviser og TV. TV 2 Livsstil er ein reklamefinansiert TV-kanal som sender livsstilsprogram, dramaseriar og dokumentarar. Døme på livsstilsprogram er Bolighjelpen, Tid for hage og Veterinærene.

NRK ser det som ein del av allmennkringkastaroppdraget sitt å formidle livsstilsjournalistikk, gjerne med eit litt kritisk perspektiv. Eit døme er programserien Puls, som inneheldt tips til eigentrening. Men NRK lagar òg «koseprogram» om kvardagslege syslar som hagestell, barneoppseding og hundehald. Eit døme på ei samansmelting av livsstilsjournalistikk, opplysningsjournalistikk og feelgood-underhaldning er serien Fra bølle til bestevenn som blei send på NRK i 2020.

Rangering av livsstilar

I ei masteroppgåve frå 2007 som tek for seg ein studie av Dagbladets helgemagasin Magasinet, peiker Torunn Sæth på korleis media rangerer ulike livsstilar. Nokre livsstilar er meir høgvørde enn andre, og mediedekninga speglar på denne måten økonomiske og kulturelle maktforhold i samfunnet.

Vinspalter og livsstil

Mange aviser, vekeblad og nettaviser har eigne vinspalter.

  • Kva målgruppe trur du desse spaltene rettar seg mot?

  • Kva kan det kome av at så mange nordmenn dei siste åra har blitt «ekspertar» på vin?


Ekspertråd om trening

Statistikk frå 2019 viser at fire av fem nordmenn trener minst éin gong i veka. Journalistikk som handlar om trening, er derfor godt stoff, anten temaet er crossfit eller rusleturar for eldre. Det finst etter kvart òg mange podkastar du kan lytte til som gir deg gode treningsråd.

Vi ser opp til dei som trener hardt og mykje. Denne livsstilen har blitt eit ideal for unge som høyrer til det som blir kalla «generasjon perfekt». I mange medieforteljingar blir trening knytt meir til kropp og utsjånad enn til helse. Gutane i reality-serien Paradise Hotel viser stolt fram sixpack-muskulaturen sin. Og journalistane i VG følgjer opp med gode råd:

Slik kan du få six-pack på ti minutter

Scene frå fjernsynsprogrammet «Puls». Ein mann hjelper ei kvinne som gjer armhevingar, ved å halde ho i eit treningsband ho har rundt livet. Foto.

Mange vil kjenne att Yngvar Andersen frå TV-programmet «Puls». Gjennom ulike programkonsept har han lært opp nordmenn i korleis vi kan trene utan å gå på treningsstudio.

Yngvar Andersen er ein kjend TV-profil frå program som handlar om trening, og er òg ein mykje brukt foredragshaldar. I denne podkasten møter du han i samtale med komikaren Jonis Josef. Kva synest du om råda han kjem med?

"Kva veit eg?" – podkast om fysisk aktivitet

0:00
-0:00

Kosthaldsjournalistikk

I tillegg til trening er kosthald eit viktig element i ein sunn livsstil. I TV-ens barndom var det Ingrid Espelid Hovig som kom med gode råd om sunn og næringsrik kvardagsmat.

I dag er det meisterkokkane som har teke plass i TV-ruta. Å lage mat frå botnen av ved hjelp av eksklusive råvarer signaliserer ein livsstil som er assosiert med høg sosial status. Eit klassisk meisterkokkeprogram er Hellstrøms mesterkokk frå 2012. I etterkant av TV-suksessen har mange av meisterkokkane laga liknande TV-innslag for aktørar i daglegvarebransjen, som Rema 1000 og Oda.com (tidlegare Kolonial.no). Dette kan framstå som fordekt marknadsføring.

I dette innslaget på NRK Super lærer Victor å lage mat av superkokk Christer Rødseth, også kjend frå programmet Farmen kjendis på TV 2.

Slankeråd frå ekspertane

Mange i Noreg slit med vekta. Avisa VG har sidan 2005 hatt suksess med betalingstenesta Vektklubb. Opplegget er basert på Helsedirektoratets nasjonale tilrådingar om kosthald og fysisk aktivitet og er utvikla i samarbeid med ekspertar på fedme. Målet er å hjelpe overvektige til å lage seg nye og sunne vanar som varer.

Lettvinte slankeråd er godt stoff i aviser og vekeblad, spesielt etter høgtider som jul og påske. Men råda du får, er ikkje nødvendigvis gode. «Slankekurar» av alle slag fører i mange tilfelle berre til kortvarig vektreduksjon. Forsking viser at det berre er livsstilsendring over tid som gir varig effekt. Dessutan er mange genetisk disponerte for overvekt, og derfor er det òg viktig å trene på å akseptere seg sjølv som den ein er.

Aktuelle lenkjer:

Tenk etter

  • Ekspertenes oppskrift: Bli kvitt feriefeittet

  • Professor: – Pålegget som hjelper deg ned i vekt

Kvifor bruker Dagbladet slike titlar på artiklar som handlar om kosthald og slanking?

Kjelder

Bech-Karlsen, J. (2000): Intimsfæren i medieoffentligheten. I von der Lippe, Nordhaug (red.), Medier, påvirkning og samfunn. Cappelen Damm Akademisk.

Figenschou T., Grøndahl Larsen, A. & Thorbjørnsrud, K. (2018). Lokal helse og omsorg i media: Mediepåvirkning på nært hold. Institutt for samfunnsforsking (Rapport – Institutt for samfunnsforsking 2018:9). https://samfunnsforskning.brage.unit.no/samfunnsforskning-xmlui/bitstream/handle/11250/2503033/rapport_9-18_web.PDF

Sæth, T. (2007). Livsstil og helgebilag. Magasinet som journalistisk produkt [Masteroppgåve, Institutt for medium og kommunikasjon, Universitetet i Oslo]. DUO kunnskapsarkiv. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27645/masteroppgave.PDF

Skaar, K.M. (2014, 30. mai). Mer glam og botox enn noen gang. Forskning.no. https://forskning.no/medievitenskap-forbruk-hus-og-hjem/mer-glam-og-botox-enn-noen-gang/559121

Dalen, H.B. (2019, 30. oktober). Styrketrening stadig mer populært. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/styrketrening-stadig-mer-populaert


Sist oppdatert 09.04.2021
Skrive av Ragna Marie Tørdal

Læringsressursar

Livsstilsløgner