Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Kvifor bit vi på kosthaldstrendar?

Kjendisar, influensarar og andre sterke stemmer som florerer i sosiale medium, byter kosthald like ofte som dei byter vesker. Riktig kosthald er livsviktig for at kroppen din skal fungere optimalt, så korleis kan kosthald då vere ein trend?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Ein servitør snakkar med gjestane ved eit av borda i ein kafé. Foto.

Tenk – par – del

Tenk

Vurder påstandane frå sosiale medium under basert på kunnskapen du har om næringsstoff og kosthald, og gi ei grunngiving for vurderinga di.

Frukt er usunt fordi det inneheld mykje sukker.

Metta feitt er sunt.

Kroppen treng inntak av protein etter trening.

Brune karbohydrat er sunnare enn kvite.

Par: Diskuter påstandane over med ein annan

Del: Diskuter i klassen

  • Kva er ein kosthaldstrend?
  • Kvar kjem trendane frå?
  • Kvifor er vi så opne for å prøve nye kosthaldstrendar?
  • Riktig kosthald er livsviktig for at kroppen din skal fungere optimalt, så korleis kan kosthald då vere ein trend?

Bli samde om nokre kriterium som definerer riktig kosthald. Lag gjerne ein karakterskala.

Korleis skal vi forhalde oss til dei ulike kosthaldstrendane?

  1. Jobb saman to og to, og set dykk inn i ein av kosthaldstrendane under.

    • lågkarbodiett
    • 5:2-dietten
    • raw food
    • vegetariansk eller vegansk kosthald
    • supermat
    • paleodiett/steinalderkost
    • detoxing/juicing
  2. Kafédebatt


    Ved kvart kafébord diskuterer de ein kosthaldstrend på bakgrunn av dei kriteria klassen definerte for riktig kosthald.

Tips til organisering

Organiser gjerne klasserommet som ein kafé der pultane står saman, for å danne mindre diskusjonsgrupper:

  • Fordel klassen slik at kvart kafébord har elevar med fordjuping i flest mogleg kosthaldstrendar.
  • Ved kvart kafébord er det éin kosthaldstrend som blir diskutert.
  • Kvart kafébord har ein vert med fordjuping i kosthaldstrenden som blir diskutert ved dette bordet.
  • Verten innleier med ein kort introduksjon av trenden, har ansvar for å styre diskusjonen og noterer undervegs kva dei ulike gruppene kjem fram til.
  • Gruppene rullerer mellom kaféborda, medan kaféverten er stasjonert ved bordet sitt.
Forenkela illustrasjon av kafébordinndeling med fire bord med fire stolar rundt kvart. Illustrasjon.

Tenk over kva du har lært

  1. Kvifor er det viktig å vere kritisk til det ein les?
  2. Korleis kan du bidra med å spreie informasjon om riktig kosthald?
  3. Trur du at du kjem til å prøve nokon nye kosthaldstrendar? Grunngi svaret ditt.




Sist oppdatert 25.05.2020
Skrive av Camilla Øvstebø

Læringsressursar

Livsstilsløgner