Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Livsstil

Kvar einaste dag tek du ei rekkje val. Du vel kva du skal ete og drikke, kor aktiv du skal vere, om du får tilstrekkeleg med søvn, og korleis du skal løyse dei ulike utfordringane du møter. Desse vala definerer livsstilen din.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Ta vare på deg sjølv

Verdsorganisasjonen for helse definerer god helse slik:

Helse er ein tilstand av fullkomme fysisk, psykisk og sosialt velvære – ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit. (WHO)

God helse er ikkje noko du er fødd med, eller noko du kan rekne med å ha resten av livet, men noko som i stor grad kan definerast av livsstilen din. Det er derfor viktig at du lærer å lytte til kroppen og ta vare på deg sjølv. Du er kroppen din, og kroppen din er deg. Det betyr at når kroppen din har det bra, har du det òg bra.

I Noreg har vi store valmoglegheiter. Desse moglegheitene påverkar oss og definer livsstilen vår. Valmoglegheiter skaper rom for variasjon, men kroppen din er ikkje tilpassa alle variasjonane vi finn i samfunnet i dag. Derfor er det viktig å vere klar over at vala du tek, har konsekvensar for helsa di.

Kosthald

Kroppen vår kan samanliknast med ei maskin som jobbar døgnet rundt og blir driven av vatn og nokre få næringsstoff. Når du tenkjer på dette, er det kanskje ikkje så rart at kroppen din blir sløv og slapp når han blir sitjande still framfor skjermen over lang tid, eller når drivstoffet som kjem inn, er nesten heilt utan dei næringsstoffa som skal til for å halde maskineriet i gang.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet rommar all aktivitet som aukar pulsen og aktiverer dei store muskelgruppene. Det betyr alt frå fysisk arbeid, mosjon, idrett, leik, trening og kroppsøving. Regelmessig fysisk aktivitet bidreg til betre humør, betre søvn, auka blodsirkulasjon, sterkare hjarte og større musklar. Viss ein er aktiv saman med andre, blir det òg sosialt.

Glade, unge menneske trenar saman på ein grasplen. Foto.

Trening gir energi. Ein får mange inntrykk – både gjennom syn, lukt og høyrsel. Og når forma blir betre, vil du oppleve at treninga òg gir overskot til å gjere fleire ting i kvardagen. Ein veltrent person toler meir, både fysisk og psykisk.

Manglande fysisk aktivitet aukar faren for overvekt. Overvekt kan føre til mindre fysisk aktivitet, fordi det blir tyngre å gjennomføre, noko som fører til endå meir overvekt – du går inn i ein vond sirkel. Menneske som ikkje er aktive, går glipp av det overskotet som trening gir, dei får mindre muskelmasse og redusert blodgjennomstrøyming.

Søvn

Søvn er eit grunnleggjande behov og heilt nødvendig for at du og kroppen din skal få kopla av, kvilt og omarbeidd inntrykk etter ein hektisk kvardag. Når du søv, blir mengda stresshormon i kroppen redusert, og stoffskiftet går i kvilemodus.

Søvnmengda varierer noko frå person til person, men for ungdommar er tilrådingane 8–10 timar i døgnet. Mykje tid framfor skjermen på nettbrett, PC, TV eller mobiltelefon på kveldstid kan gjere det vanskeleg både å komme seg i seng og å få sove. Lyset frå skjermen forstyrrar nemleg produksjonen av søvnhormonet melatonin og gjer at ein blir mindre trøytt om kvelden.

Søvn heng tett saman med døgnrytme, og den indre klokka vår er innstilt for å sove om natta og vere vaken om dagen. Ein god balanse mellom søvn, fysisk aktivitet og kvile vil har stor betyding for sjølvkjensla di, prestasjon og helse.

Stress

Mange opplever at kvardagen er travel. Det er mykje vi skal rekke. Det blir stilt forventningar til oss frå mange kantar. Enkelte må ta mykje ansvar. Andre har store forventningar til seg sjølv. Somme opplever einsemd. Ein del slit med søvnvanskar eller kjensla av å vere uopplagt. Mange vel òg å gjere seg tilgjengeleg for andre heile tida ved bruk av mobiltelefon. Då er det vanskeleg å kople ut omverda og få heilt ro.

Stress er ein forsvarsmekanisme der kroppen førebur seg på ein utfordrande situasjon, og ein blir i stand til å yte litt meir når det trengst. Det er naturleg å bli sliten etter at ein har prestert litt ekstra, og då er det nødvendig med kvile. Når vi derimot ikkje får kvilt oss, eller framleis er slitne etter å ha kvilt, kan det vere eit teikn på usunt stress.

Intenst stress eller stress over for lang tid kan føre til sjukdom. Stress fører gjerne til negative kjensler som angst og depresjon, og desse kjenslene fører til at hormonsystema i kroppen blir aktivisert. Dette kan føre til kjenslemessig ustabilitet, trong til å gråte, manglande konsentrasjon, vedvarande trøyttleik, søvnvanskar, hjartebank, magesmerter og hovudverk.

Bruk av rusmiddel

Enkelte bruker alkohol som metode for å slappe av eller ”gløyme” vanskar. Hjernen blir sløva av alkohol. Det er avhengigheitsskapende – noko som betyr at ein kan bli avhengig av det. Då mistar personen styringa over sitt eige forbruk. Menneske som misbruker alkohol, står i fare for å få skadar på livsviktige organ som lever og hjerne.

Andre tyr til røyking og snus for å kjenne seg meir inkluderte og avslappa saman med venene. Dette er uheldig både for blodsirkulasjonen og luftvegane. Misfarga tenner, øydelagde i luftvegane, dårleg kondisjon, , hjarte- og karsjukdommar og kreft er aktuelle skadar og sjukdommar av røyking og snus. Det er i tillegg ei sosial og økonomisk belasting.

Alt med måte

Det å vere ekstremt oppteken av å leve rett og ete sunt blir kalla ortoreksi. Ortoreksi er ikkje ein diagnose, men blir karakterisert som ein type spiseforstyrrelse. Når tankar, kjensler og handlingar med tanke på mat, kropp og vekt går utover livskvalitet og normal funksjon i kvardagen, blir det kategorisert som ei eteforstyrring.

Mat, trening, vekt, muskelmasse og prestasjonar får eit altfor stort fokus som medfører at tankegang og interesseområde blir innsnevra. Ved å avstå frå godsaker, avslå tid til å vere saman med vener og trene til alle døgnets tider kan ein faktisk gå i motsett grøft.

Enkelte bruker medikament i tillegg for å få auka muskelmasse og uthald. Dette kan vere direkte helseskadeleg og føre til belastingslidingar på grunn av overtrening. Det kan òg føre til andre eteforstyrringar som og i.

Filmplakat frå film om anoreksi på haldeplass. Foto.

Rastlause og usosial livsstil kan føre til stressliknande tilstandar i kroppen. Det er viktig å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile, på same tid som måltid bør vere noko sosialt og avslappande.

Tips for ein god livsstil

  • gjer ting du liker og som gjer deg glad
  • ha eit variert kosthald
  • ver fysisk aktiv
  • gjer ting saman med andre
  • strukturer kvardagen din og ikkje utsett gjeremåla
  • ha god døgnrytme og få nok timar søvn
  • reduser skjermbruken, spesielt før leggjetid
  • unngå røyking, snus og narkotiske stoff
  • drikk lite alkohol

Finn ein balanse og skap trivsel i kvardagen, slik at du kan ta vare på deg sjølv!

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2019, 9. oktober). Helserisiko ved snus. Henta 6. april 2020 frå https://www.fhi.no/nyheter/2019/helserisiko-ved-snus/

Forskning.no. (2015, 22. januar). Lyset fra skjermen forstyrrer søvn og gjør deg trøtt om morgenen. Henta 5. april 2020 frå https://forskning.no/lyset-fra-skjermen-forstyrrer-sovn-og-gjor-deg-trott-om-morgenen/517149

Helsenorge.no. (2019, 17. desember). Helseskader av snus. Henta 6. april 2020 frå https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/snus-og-roykeslutt/helseskader-av-snus

Helsenorge.no. (2020, 2. januar). Hva fysisk aktivitet gjør med kroppen. Henta 11. mars 2020 frå https://helsenorge.no/trening-og-fysisk-aktivitet/hva-fysisk-aktivitet-gjor-med-kroppen

Norsk helseinformatikk. (2015, 19. november). Sunnhetsslave – dette er ortoreksi. Henta 6. april 2020 frå https://nhi.no/forskning-og-intervju/sunnhetsslave-dette-er-ortoreksi/

Norsk helseinformastikk. (2017, 4. april). Hva er søvn? Henta 5. april 2020 frå https://nhi.no/kroppen-var/funksjoner/hva-er-sovn/

Sist oppdatert 11.04.2020
Skrive av Camilla Øvstebø, Tove Bostad, Hege Nikolaisen og Trine Merethe Paulsen

Læringsressursar

Livsstilsløgner