Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Livsstilsløgner

Media fortel deg heile tida korleis du kan få eit betre liv ved å endre livsstil, leve sunnare og bli sterkare. Men kva er sant, og kva er løgn? Gå på jakt og avslør livsstilsløgnene som omgir deg.

Reklameplakater på Times Square. Foto.

Livsstilen din handlar om alle dei små vala du tek i kvardagen. Det vil seie kva du et og drikk, kor lenge du søv, kva slags aktivitetar du vel å bruke tida di på, korleis du trenar, om du stressar eller er avslappa, om du bruker kosttilskot, rusmiddel eller går på spesielle diettar.

Det er mange som prøver å påverke livsstilsvala dine. Det kan vere alt frå reklame til tilsynelatande faktabasert informasjon, frå bloggarar til sjølvutnemnde ekspertar innanfor ulike fagfelt.

I dette emnet skal du bruke retoriske analysar, kjeldekritikk og vitskaplege forskingsmetodar for å undersøkje korleis du blir påverka – og du skal jakte på usanningar og udokumenterte påstandar i informasjonsjungelen som omgir deg.

Dette emnet er tverrfagleg. Det kan brukast i mange ulike fag, men fleire av artiklane og oppgåvene eignar seg spesielt godt i naturfag, norsk, samfunnskunnskap og mediefag.

Vi har òg sett saman somme av artiklane og oppgåvene i læringsstiar. Læringsstien Livsstilsløgner er eit forslag til korleis ein kan jobbe saman om temaet i norsk og naturfag, i ei bestemd rekkjefølgje. Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eige bruk eller lag dine eigne stiar på stier.ndla.no.

Sist oppdatert 2020-06-23T21:59:01Z
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Livsstilsløgner

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar