Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lovverk og normer om kjønn

Du har rett til å ikkje bli diskriminert på bakgrunn av kjønnet ditt, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Lovverket hjelper deg der, men kva med uformelle normer du møter i samfunnet?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Ein person går på line mellom symbola for mann og kvinne. Illustrasjon.

Kjønn og likestillingskamp

Historisk sett har likestillingskampen handla om kvinner sine rettar i forhold til menn sine rettar. Dette har handla både om internt i ekteskap og sambuarskap, i arbeidsliv og i samfunnslivet elles.

Framleis er det eit viktig aspekt i likestillingsspørsmålet at kvinner og menn skal ha like rettar. Dette gjeld kanskje særleg i arbeidslivet, der kvinner oftare arbeider deltid og sjeldnare har leiarstillingar.

Likestilling kan òg handle om rett til å uttrykkje seg, uavhengig om ein er mann, kvinne eller ikkje opplever å høyre heime i det som blir kalla tokjønnsnorma.

Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Ikkje alle opplever at det kjønnet dei er fødde med kjenst naturleg for ein sjølv. Dei siste ti åra har det vorte meir og meir akseptert at nokon ønskjer å definere seg annleis når det gjeld kjønn enn det som har vore, og er, norma for dei fleste. I både lover og regjeringsdokument kan vi no lese om omgrepa kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Kjønnsidentitet handlar om den indre opplevinga til ein person av å vere kvinne, mann, både kvinne og mann eller ingen av delane. Dei fleste identifiserer seg med det kjønnet dei vart tilskrivne ved fødselen, men ikkje alle.

Kjønnsuttrykk handlar meir om korleis ein gir seg til kjenne på utsida, anten som kvinne eller mann eller utanfor samfunnet si tokjønnsnorm.

Er du nysgjerrig eller usikker på fleire omgrep knytte til kjønn, kan du sjekke Bufdir si Lhbtiq-ordliste.

Kjønn og normer

Fleire undersøkingar viser at det å bryte kjønnsnormer ikkje er enkelt, sjølv i eit samfunn der dette har vorte meir vanleg og meir akseptert. Det å føle seg forskjellig er éi sak, ei anna sak er når den annleisheita gjer seg gjeldande i alt frå diskriminering til hatytringar, mobbing og vald. Dette er noko fleire som fell innanfor det å vere skeiv har opplyst om. Det å vere uttrykt annleis kan òg gi seg utslag av noko ein kallar minoritetsstress, fordi du veit aldri kva slags haldningar som finst rundt deg.

Transpersonar, personar som har ein utsjånad eller identitet som uttrykkjer eit anna kjønn enn det dei vart tildelte ved fødselen, fortel sjølv at dei opplever låg toleranse for andre kjønnsuttrykk mellom anna i skule og på arbeidsplassar, men også i helsesektoren.

Lovverk

Likestillings- og diskrimineringslova seier at du ikkje kan diskriminerast mellom anna på grunn av kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Lova seier òg at det er forbod mot trakassering på bakgrunn av kjønn.

Det finst òg ei ny lov frå 2016 om endring av juridisk kjønn. Ho seier at personar som opplever å tilhøyre det andre kjønnet enn det vedkommande er registrerte med i folkeregisteret, har rett til å få endra det juridiske kjønnet sitt.

Kjelder

Sist oppdatert 28.05.2020
Skrive av Inga Berntsen Rudi

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar