Hopp til innhald

Fagartikkel

Metoo

Metoo starta som ein kampanje i sosiale medium i oktober 2017 med at kvinner delte historier om overgrep og seksuell trakassering og brukte emneknaggen #metoo.

LK20

Kampanjen spreidde seg raskt – i eit samspel mellom millionar av enkeltpersonar som delte historier i sosiale medium og journalistar som dekte kampanjen i redaksjonelle medium. Han fekk etter kvart preg av å vere ei global rørsle.

Hovudfokuset i #metoo-kampanjen var seksuell trakassering frå overordna i arbeidslivet og frå andre med liknande maktposisjonar.

Som følgje av delingar og varslingssaker måtte ei rekkje profilerte mannlege skodespelarar, produsentar, næringslivsleiarar og politikarar trekkje seg frå jobbane og verva sine. Fleire profesjonar laga eigne aksjonar, som skodespelarane sin #stilleføropptak og restaurantbransjen sin #notonthemenu.

#metoo-kampanjen blir rekna for å ha bidrege til lågare terskel for å seie frå om seksuell trakassering og til at det blir slått hardare ned på seksuell trakassering i arbeidslivet. Meir generelt kan #metoo ha ført til ei kulturell normendring i korleis ein ser på uønskt seksuell merksemd, ikkje minst i relasjonar med skeiv maktfordeling.

Kva er ei #metoo-sak?

Utgangspunktet for #metoo-kampanjen er seksuell trakassering.

Definisjon av seksuell trakassering i Lov om likestilling og forbod mot diskriminering, §13 Forbod mot å trakassere:

«eikvar form for uønskt seksuell merksemd som har som formål eller verknad å vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.»

I «seksuell» ligg at det spelar på kropp, kjønn og seksualitet. «Merksemd» omfattar både verbal og fysisk åtferd.

Kjønn og makt er sentrale delar i heile #metoo-kampanjen, som handlar både om korleis makt blir misbrukt og korleis asymmetriske relasjonar aukar moglegheita for slik maktmisbruk. Asymmetriske maktforhold kan gjere det vanskelegare for den ‘svakaste’ parten å setje grenser. Om hendingane stadig blir gjentekne – og om ein enkelt kan unnsleppe – vil vere avgjerande for kor alvorlege hendingane blir oppfatta som.

Med ei slik tilnærming ser vi at #metoo-hendingar kan inkludere eit breitt spekter – frå mildare former for seksuell trakassering – til grov vald. Det er noko av det kompliserande med omgrepet. På same tid viste #metoo-rørsla at det å ha eit enkelt ord å hengje personlege erfaringer om trakassering og undertrykking på, både gjorde det lettare å seie frå og blei ei moglegheit til å sjå det strukturelle: Samfunnet blei klar over det store omfanget slik trakassering hadde.

Les heile artikkelen

Denne artikkelen er ein forkorta versjon av snl.no sin artikkel om metoo. Les heile artikkelen her: https://snl.no/metoo.

Sist oppdatert 16.12.2019
Skrive av Kristin Skare Orgeret

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?