Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Service og tillitssamfunnet

Du har kanskje høyrt at Noreg blir omtalt som eit tillitssamfunn. Tillit er med andre ord ein svært viktig verdi i samfunnet vårt. Kor viktig er tillit for at samfunnet skal fungere? Korleis påverkar det servicebransjen?

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Harald Eia peikar på fleire faktorar som fører til høg tillit, men også kva høgt tillitsnivå i befolkninga fører til. Verdien tillit er grunnleggjande for felleskapet vårt i fleire samanhengar. Det blir nesten vanskeleg å sjå for seg at samfunnet kan gå rundt utan. Korleis påverkar tillitssamfunnet sals- og servicebransjen?

Tillitsbasert service

Fleire og fleire butikkar har no sjølvbeteningskassar. I programmet nemner Eia ei spesiell problemstilling som oppstod då England fekk sjølvbetente kassar i daglegvarebutikkane: Butikkane selde tilsynelatande fleire gulrøter enn dei hadde på lager! Grunnen var at kundane ikkje ville betale fullpris for dyre grønsaker som avokado, og i staden valde billegare alternativ som gulrot i kassen.

Vi får òg vite at norske butikkar har den motsette erfaringa: Dersom kundane er usikree på prisen på vara, vel dei ofte det dyraste alternativet.

Du har sikkert sett at fleire sentrumsbutikkar har vareutstillingar utanfor butikkane sine. Butikkane ville neppe hatt dette om det førte til mykje svinn.

Tenk over

Kva er årsaka til at vareutstillingar utanfor butikkane fører til fleire kundar inn i butikkane og ikkje til meir tjuveri?

Under koronapandemien i 2020 oppstod det eit ganske spesielt fenomen. Små butikkar med avgrensa plass, til dømes blomsterbutikkar, oppretta sjølvbetening utanfor lokala sine. Kundane kunne plukke varene dei ønskte og betale digitalt med Vipps. Med nokre få unntak melde dei fleste butikkane at tillitssystemet fungerte slik det var tenkt.

Tillit går begge vegar

Kundane må ha tillit til servicebedriftene for å halde fram med å bruke dei. Dersom kundane gjentekne gonger får dårlege varer eller opplever at dei betaler for mykje for tenesta, vil dei føle seg lurte.

Både straumselskap og elektronikkjeder har vore i hardt vêr etter avsløringar om såkalla prisjuks. Skuldingar har vore skjulte påslag i pris, eller triks for å omgå sine eigne prisgarantiar. Korleis trur du slike avsløringar påverkar omdømmet til bedriftene?

Tenk over

I Sånn er Norge ramsar Harald Eia opp nokre døme på tillit i samfunnet. Barn som søv i barnevogn utanfor kafeen, og sjølvbetening på ferjer er nokre av døma. Kan du komme på fleire ting som tyder på at vi lever i eit tillitsbasert samfunn?

Sist oppdatert 28.12.2020
Tekst: Anki Olsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Innanfor/utanfor