Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Verdiar i samfunnet

Kva verdiar synest du er viktige i samfunnet vårt? I denne oppgåva skal du prøve å liste opp og rangere samfunnsverdiar. Er alle i klassen stort sett samde, eller varierer meiningane?

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Sju personar frå ulike aldersgrupper, kjønn og etniske bakgrunnar står med hovuda saman og kikkar ned på fotografen. Foto.

Eit samfunn i miniatyr

Viktige verdiar i samfunnet

Verdiar kan ha med økonomi å gjere, som pengar og økonomisk fridom. Andre typar verdiar kan vere tillit, likeverd, tryggleik og helse. Når vi snakkar om samfunnsverdiar, tenkjer vi gjerne på ting som handlar om menneskeverd, fridom og sjølvrealisering.

Om de treng inspirasjon til å finne fleire verdiar, kan de gjerne bruke lista til Are Kalvø over ting vi liker med dette samfunnet. Lenkje til denne lista finn de nedst på sida.

Oppgåve

  1. Jobb saman i par eller grupper. Lag ei liste over viktige verdiar i samfunnet vi lever i.
  2. Når de har funne minst ti verdiar, kan de rangere dei. Det vil seie at de set opp verdiane i rekkjefølgje etter kor viktige de synest dei er.
  3. Byt liste med eit anna par eller ei anna gruppe, og samanlikn. Er de samde om rangeringa? Ønskjer de å endre rangeringa etter at de har sett listene til kvarandre?
  4. No kan heile klassen bli samde om ei liste på ti punkt. Bruk tavla eller lag plakatar. Kva verdiar er viktigast for klassen dykkar?

Ting vi liker med dette samfunnet

Etter 22. juli 2011 laga Are Kalvø ei liste over ting vi liker med samfunnet vårt i Noreg. Han laga lista etter innspel frå vener, og ho blei publisert i fleire av avisene i landet.

Bruk lenkja nedst på denne sida og gå inn og les heile lista hans. Er du samd i punkta Are Kalvø og venene hans tek opp? Synest du nokon av tinga har forandra seg i samfunnet sidan lista blei skriven?



Sist oppdatert 19.11.2020
Tekst: Anki Olsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Innanfor/utanfor