Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Innanfor/utanfor?

I somme klassar er miljøet trygt og inkluderande. I andre klassar er miljøet utrygt, klikkete og prega av mobbing og ekskludering. Kvifor oppstår mobbing i somme miljø og ikkje i andre, og kva kan du og dei andre i klassen gjere for å skape eit mobbefritt miljø?

Oppgåve 1

Diskuter i grupper

  1. Kva kjenneteiknar eit klassemiljø der det ikkje går føre seg mobbing?

  2. Kva kjenneteiknar eit klassemiljø der det lett oppstår mobbing?

  3. Kven har ansvaret for å skape eit klassemiljø der ingen blir mobba eller fell utanfor? Grunngi svaret.

Oppgåve 2. Innanfor/utanfor

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kva er mobbing?

  2. Diskuter korleis desse tre situasjonane kan føre til mobbing:

    • Eit "trongt" og klikkete klassemiljø skaper frykt og gjer at fleire kjenner seg unormale.

    • Nokon i klassen prøver å heve sin eigen status eller tilhøyrsel ved å støyte andre ut.

    • Nokon i klassen ekskluderer andre på ein skjult måte ved hjelp av blikk, kroppsspråk, ironi eller baktaling.

  3. Kvifor kan det vere lett for eit mobbeoffer å feilaktig tru at det er noko gale med dei, og at dei sjølv har skyld i mobbinga?

  4. Det er viktig for identiteten til mange ungdommar å tilhøyre ei gruppe. Diskuter korleis ulike grupper på skulen kan markere at dei er forskjellige frå kvarandre på ein positiv og på ein negativ måte.

  5. Kvifor er det viktig å seie raskt frå til læraren eller andre på skulen viss du ser andre bli mobba eller opplever det sjølv?

Sist oppdatert 08.03.2021
Tekst: Karl Henrik Aanesen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Innanfor/utanfor

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar