Hopp til innhald

Innanfor/utanfor

Det er viktig å vere ein del av ein fellesskap. Likevel fell mange utanfor. Kva er årsakene til at somme blir ståande utanfor, og kva kan vi gjere for å hindre det? Korleis kan vi skape ein inkluderande fellesskap med plass for alle?
Ein elev lener seg mot eit bokskap og ser bort på fire andre ungdommar som står litt lenger borte og snakkar og ler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har alle eit behov for tilhøyrsel – å ha nokon å dele tankar og kjensler med, nokon som bryr seg om oss, nokon vi har tillit til og som kan støtte oss viss vi møter problem.

Ein god fellesskap er bygd på kommunikasjon og tillit. Det betyr ikkje at alle må vere nære vener, men at alle viser kvarandre respekt og gir kvarandre rom til å vere seg sjølv. Klassen er til dømes ein viktig fellesskap for mange ungdommar.

Det motsette av fellesskap er utanforskap. Å falle ut av fellesskapen er noko av det verste som kan skje eit menneske. Det kan ha mange ulike årsaker, som til dømes fattigdom, diskriminering, mobbing, psykiske utfordringar, funksjonsnedsetjingar, og det kan få svært alvorlege konsekvensar.

I dette emnet skal du utforske og reflektere rundt korleis me skaper inkluderande fellesskap og hindrar utanforskap. Vi har samla ulike artiklar og oppgåver frå mange ulike fag. De kan velje dykkar eigen kombinasjon eller følgje eit av forslaga under:

  • Jobb med korleis de kan skape tilhøyrsel og fellesskap i klassen og slik unngå mobbing og einsemd. I læringsstien "Innanfor/utanfor" har vi samla fagovergripande artiklar og oppgåver som eignar seg som ein generell introduksjon til temaet.

  • Utforsk ulike former for utanforskap i tekstar og samfunnet rundt deg. I læringsstien "Utanforskap" har vi samla artiklar og oppgåver som eignar seg i faga samfunnskunnskap, norsk, engelsk, kommunikasjon og kultur og sosiologi og sosialantropologi.

Mange av artiklane og oppgåvene vi har samla i dette emnet, kan òg kombinerast med artiklar og oppgåver i dei tverrfaglege emna rasisme og mangfald.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021