Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fagorganisering

Er du i jobb, er du ein arbeidstakar, og då kan det vere lurt å bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar. Er du medlem i ei fagforeining, er du det vi kallar fagorganisert.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Fagorganiserte streikar. Foto.

For mange handlar dette først og fremst om løn, men også i saker som gjeld andre tilhøve på jobben, kan fagforeininga vere til hjelp. Døme på slike saker kan vere viss ein tilsett står i fare for å miste jobben, eller om det er dårlege arbeidstilhøve på arbeidsplassen.

Fleire og fleire fagorganiserer seg. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det ved utgangen av 2018 1 857 787 fagorganiserte her i landet. Det utgjorde ei auke på fleire enn 26 000 frå året før.[1] Dei aller fleste i offentleg sektor er fagorganiserte (80 % i 2019), mens det i privat sektor er under halvparten som fagorganiserer seg.

Arbeidstakarorganisasjonar

Ei fagforeining er ei samanslutning av arbeidstakarar innanfor same industri eller fagområde. Fagforeininga er lokal, men er ein del av eit fagforbund eller ein fagorganisasjon. Fagforbunda er landsdekkjande. Døme på fagforbund er Handel og Kontor i Noreg, Norsk Transportarbeidarforbund, Utdanningsforbundet, Norsk Sjukepleiarforbund, Forskarforbundet, Den norske legeforeininga og Naturvitarane.

Fagforbunda er igjen samla i hovudsamanslutningar eller såkalla paraplyorganisasjonar. I Noreg har vi no fire hovudsamanslutningar av arbeidstakarorganisasjonar. Den største av desse er LO med over 900 000 medlemmar. Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Unio og Akademikerne er dei tre andre hovedsammenslutningane.

Arbeidsgivarorganisasjonar

Arbeidsgivarforeiningane er også organiserte i større hovudsamanslutnader. Den største av desse er Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO – tidlegare Norsk Arbeidsgivarforeining). NHO har 19 medlemsforeiningar, mellom andre Abelia (Foreininga for kunnskaps- og teknologibedrifter), Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, NHO Handverk, NHO Reiseliv og Norsk Industri.

Kommunane og fylkeskommunane, samt mange kommunale føretak, er organiserte i KS (tidlegare Kommunanes Sentralforbund, no berre KS). I lønsforhandlingar er det KS som forhandlar med dei kommune- og fylkestilsette på vegner av kommunane og fylkeskommunane.

Staten er også arbeidsgivar, og interessene deira er organiserte gjennom Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Dei forhandlar med organisasjonane til dei statstilsette.

  1. 1«Fagforeinigsmedlemmar og streikar». Statistisk Sentralbyrå. Statistisk Sentralbyrå. 2019.
Sist oppdatert 18.03.2020
Skrive av Inga Berntsen Rudi

Læringsressursar

Plikter og rettar i arbeidslivet