Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdom i deltidsjobb

Som ungdom med lite arbeidserfaring kan det opplevast vanskeleg å stille krav til arbeidsgivaren når ein får ein deltids- eller sommarjobb. Det er gjerne mange som er interesserte i jobben, og ein har lite å slå i bordet med av utdanning og erfaring.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Tre personar frå sommarpatruljen til LO med LO-caps og t-skjorter snakkar med ein deltidsansatt på ein arbeidsplass. Foto.

LO sin sommerpatrulje på besøk på ein arbeidsplass. Foto.

Gratis medlemskap for elevar

Fagorganisasjonane kjempar for rettane til visse yrkesgrupper, men kva med ungdom som ikkje er ferdig utdanna til noko særskilt yrke? Kan dei bli medlemmer?

Skuleelevar i vidaregåande skule får tilbod om gratis elevmedlemskap i Landsorganisasjonen i Noreg (LO), som er Noregs største samanslutning av fagorganisasjonar. LO meiner med andre ord at det er viktig å hjelpe ungdommar som skal ut i arbeidslivet, kanskje for første gong. Du melder deg inn sjølv på Internett, og LO hjelper deg med å finne fram til riktig LO-forbund. Medlemskapen er gratis.

Sommarpatruljen

Om sommaren er talet på unge arbeidstakarar spesielt høgt. Ein treng ekstra hjelp i butikkar, kafear og på hotell, og dei mest populære jobbane skal ein vere glad for å få. I denne intensive perioden har LO ein eigen sommarpatrulje som reiser rundt på arbeidsplassar og hjelper ungdommar med kontraktar og arbeidsforhold.

Mangel på kontrakt er ei av dei vanlegaste formene for misleghald i tilsetting av ungdom. Kontrakt er viktig ikkje berre som avtale om tilsetting, men også for å spesifisere visse rettar. Alle arbeidstakarar har til dømes krav på overtidsbetaling, men tillegg som kvelds-, natt- eller helgetillegg seier lova ikkje noko om. Dette må du sjølv gjere avtalar med arbeidsgivar om dersom du meiner du bør ha krav på det, og slike avtalar bør gjerast skriftleg i ein kontrakt.

Dersom ein har problem med avtalar på arbeidsplassen, kan det vere lurt å ta kontakt med sommarpatruljen. Ungdomsrådgivar i LO, Robert Hansen, fortel at konfliktar ofte blir løyste utan store problem når sommarpatruljen kjem inn i biletet:

– Erfaringane med sommarpatruljen er at ein som oftast får ordna opp i problemet på staden dersom rettane til ungdommane ikkje er godt nok tekne omsyn til på ein arbeidsplass. Ofte er arbeidsgivaren like overraska som arbeidstakarane over at det faktisk er brott på reglar i arbeidsforholdet. I eit mindretal av tilfella skaper arbeidsgivaren problem, og sommarpatruljen må sende saka vidare til Arbeidstilsynet.

Tips når ein skal starte i jobb

Korleis skal ein så gå fram når ein startar i ny jobb? Robert Hansen har tre grunnleggjande tips til elevar som skal ut på arbeidsmarknaden:

– For det første har du krav på ein skriftleg arbeidskontrakt: Utan dette kan det fort bli usemje om lønn. Du har også krav på ein skriftleg lønnsslipp som bevis på at du har betalt skatt. Dersom du ikkje har lønnsslipp, kan du ende opp med å betale skatt både til arbeidsgivar og til staten. Til slutt har du krav på skriftleg attest når arbeidsforholdet endar. Dersom du har desse tre punkta i orden, skulle du ha eit greitt arbeidsforhold.

Dette har du rett på:

  • skriftleg arbeidskontrakt
  • skriftleg lønnsslipp
  • feriepengar
  • lønn for visse "raude dagar" på kalenderen
  • alderen din avgjer kva slags arbeid du kan ta
  • overtidsbetaling
  • pausar
  • sjukepengar
  • vern mot trekk i lønn

Sist oppdatert 02.04.2020
Skrive av Siv Birgitta Systad
Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen

Læringsressursar

Plikter og rettar i arbeidslivet