Hopp til innhald

Plikter og rettar i arbeidslivet

Blei ikkje sommarjobben slik du hadde tenkt? Kva gjer du viss du mistar jobben? Når du skal ut i arbeidslivet, er det nyttig at du kjenner rettane og pliktane dine.
Fire menn som portretterer forskjellige yrke som ingeniør, advokat, lege og kokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidslivet i Noreg er nøye regulert av lover og avtalar, og det aller meste fungerer godt. Men av og til går ting gale. Du får ikkje den løna du har krav på, du blir tvinga til å jobbe overtid, arbeidsgivaren trekkjer ikkje skatt av løna di, eller du opplever trakassering. Då er det viktig å vere klar over pliktene og rettane sine.

Her har vi samla nyttige ressursar og nokre historier som viser ulike scenario som kan oppstå i arbeidslivet. Oppgåva di er å løyse problema. Du må finne relevant informasjon og få oversikt over rettar og plikter. Kva gjer du for å løyse problema?

Her er døme på nokon av problemstillingane som blir tekne opp i dette temaet.

  • Kva gjer du viss arbeidsgivaren din ikkje bryr seg om reglane?
  • Kva gjer du viss du mistar jobben?
  • Kva bør du tenkje på når du skal ut i lærebedrift?
  • Kva gjer du viss du blir utsett for trakassering?

Her samlar vi òg ressursar som er nyttige for alle som vil ut i arbeid eller er i arbeid. Dette er ressursar som er nyttige for alle, men oppgåvene er kanskje mest aktuelt å bruke i samband med samfunnskunnskap og i yrkesfaga.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Plikter og rettar i arbeidslivet