Hopp til innhald
AssessmentResourceVurderingsressurs

Lærarvurdering

Undervisingsopplegg for lærar

Kjøpsprosessen

Her er eit forslag til korleis du kan leggje opp undervisinga for kompetansemåla som handlar om kjøpsprosessen og kjøpsroller og diffusjons- og adopsjonsprosessen. Som vanleg er målet at elevane får brukt mange inngangar til stoffet: skriftleg, munnleg, digitalt, praktisk og kreativt.

Veke
FørelesingOppgåver
1
  • Gå gjennom lysbiletserien, som er tilgjengeleg for både deg og elevane. Snakk dykk gjennom han og gjer «summeoppgåvene» som er integrerte i lysarka.
  • Gjer oppgåva Nyheitsdrypp i plenum og diskuter det som står i artiklane.
  • La elevane skrive i Klassen sin wiki for å få eit godt oppslagsverk til dei vidare oppgåvene.
  • La deretter elevane gjere oppgåva Prezi i veg! eller Køyr kamera! (denne gongen med GoAnimate).
2
  • Gjer repetisjonsoppgåvene i På an igjen! i plenum og støtt med lysbiletserien dersom det er behov for vidare forklaring.
  • Gjer quizoppgåva Kjøpsprosessen: Test deg sjølv! i plenum.
  • La elevane gå tilbake i gruppene sine for å gjere Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!.
  • Når elevane har gjort dette, kan dei gjennomføre Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!, som denne gongen er eit rollespel basert på ei skriftleg oppgåve. La gruppene framføre rollespela på slutten av økta.
Sist oppdatert 30.10.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs

MenuBook

Kjeldemateriale