LK06

Faktasjekk
Er du klar for å sjekke om du hugsar fagstoffet og kan forklare omgrep og samanhengar om kjøpsprosessen? I så fall kan du ta føre deg repetisjonsoppgåvene nedanfor og svare så godt du klarer. Viss du sit fast, bør du bla deg tilbake i fagstoffet og finne riktig svar, slik at du hugsar det.
Repetisjonsspørsmål
- Kva er det som avgjer kor lang kjøpsprosessen for eit produkt blir?
- Forklar kva ein meiner med høginvolveringsprodukt og låginvolveringsprodukt.
- Kva for stadium eller fasar består kjøpsprosessen av, og kva kjenneteiknar kvart enkelt stadium?
- Kva kan vi som marknadsførarar gjere for å påverke etterkjøpsåtferda til kundane våre på ein god måte?
- Kva er hovudskilnaden mellom kjøpsprosessen i forbrukarmarknaden og kjøpsprosessen i organisasjonsmarknaden?
- Kva for nokre ulike kjøpssituasjonar skil vi mellom i bedriftsmarknaden?
- Forklar dei ulike kjøpsrollene i forbrukarmarknaden.
- Forklar dei ulike kjøpsrollene i bedriftsmarknaden.
- Kva meiner vi med kjønnsrollespesialisering i kjøpssituasjonar?
- Forklar dei fem trinna i adopsjonsprosessen. Kva skil adopsjonsprosessen frå den vanlege kjøpsprosessen?
- Kva er diffusjonsprosessen? Nemn dei ulike typane kjøparar vi har med å gjere i ein diffusjonsprosess, og forklar som kjenneteiknar kvar enkelt kjøpargruppe.
Sist oppdatert 01.11.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)