LK06

GoAnimate
Har du gjort filmoppgåvene i dei tidlegare kapitla? Då har du no blitt flink til å bruke program som Photo Story og MovieMaker, der du kan setje saman bilete, skrift, lydar, musikk og stemma di til ein film. På tide å lære noko nytt? Prøv GoAnimate!
Lag ein film!
GoAnimate, opprett ein konto og set deg inn i korleis programmet verkar. Lag deretter ein film som handlar om kjøpet av eit produkt. Få fram alle stadia i kjøpsprosessen for dette produktet, inkludert vurderingsfasen til slutt. Korleis kan kunden få stadfesta overfor seg sjølv at han eller ho har valt rett produkt? Og kva kan marknadsføraren gjere i etterkant av kjøpet for å gi kunden kjensla av å ha valt rett?Sist oppdatert 31.10.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)