Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Sett på spissen

FooterHeaderIconFooter iconLK06

Logo for diskusjonsoppgave

Til debatt!

I faglege diskusjonar i timane skal vi trene på å argumentere slik at det vi seier, har eit fundament og er «vasstett». Då kan det vere ei nyttig øving å få tildelt eit standpunkt som ein så skal finne gode argument for. Her kjem nokre spørsmål til debatt.

Argument for eller imot

Del klassen inn i to like store grupper. Den eine gruppa får i oppdrag å støtte påstandane nedanfor, den andre skal ta standpunkt imot. Begge gruppene skal finne gode argument. Kven vinn?

  1. «Den som trur at ein kan påverke forbrukaren i alle stadia av kjøpsprosessen, har altfor stor tru på kva kraft marknadsføringa har.»
  2. «Vi er alle innovatørar på eit eller anna område.»
  3. «Å snakke om ulike kjøpsroller i kjøpsprosessen er unødvendig. Det er alltid den som betaler, som avgjer.»
Sist oppdatert 31.10.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs

MenuBook

Kjeldemateriale