Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønnsrollespesialisering i kjøpssituasjonar

Nokre typar kjøpsavgjerder blir i all hovudsak tekne av kvinner, andre først og fremst av menn. Sjølv om vi oppfattar kvinner og menn som likestilte i Noreg, er det framleis slik at kvinner og menn tek hovudansvar for ulike delar av hushaldet. Dette er eit interessant faktum for ein marknadsførar.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Ken og Barbie. Foto.

Kven avgjer kva for slags typar kjøp?

Dersom du klikkar på kollasjen, får du opp ein illustrasjon som viser kven som gjer ulike kjøp i familien. Typiske fellesavgjerder er kjøp som ferie, utdanning, bustad og underhaldning. Men kvinna tek avgjerder om mat, barneklede, kjøkenreiskapar og vaskemiddel, medan mannen har siste ordet når hagereiskapar, bil, livsforsikring og anna forsikring skal kjøpast.

Statistikken over kjøpsvanane til menn og kvinner taler sitt tydelege språk: Likestillinga kan ikkje seiast å ha komme særleg langt på nett dette området.

Biletkollasj som illustrerer kjønnsrollespesialisering i kjøpssituasjonar.
Her ser du kva kjøp er dominert av menn og av kvinner.
Sist oppdatert 01.11.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs

MenuBook

Kjeldemateriale