Når du har vurdert alternative løysingar grundig, gjer du valet ditt. Dette er fase fire av kjøpsprosessen: val av alternativ – sjølve kjøpet.
LK06

Vurderingar heilt opp til målstreken

Vi sjekkar, samanliknar og vurderer gjerne heilt til vi står i kassa og skal betale!
Etter at du har gått gjennom alle alternativa og vurdert dei opp mot kvarandre, er tida kommen for å ta ei avgjerd. På dette tidspunktet har du som forbrukar danna deg eit rimeleg klart bilete av alternativet du vil gå for. Likevel gjer du kanskje nokre siste, stadfestande undersøkingar for å vere heilt trygg på at du har valt riktig. Du spør kanskje ekspeditøren i butikken ein ekstra gong, eller du høyrer med ein venn som har mykje kunnskap, berre for å vere sikker på at du ikkje har oversett viktig informasjon. Deretter gjer du sjølve kjøpet.
Sist oppdatert 30.10.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)