«Jippi, endeleg er huset vårt!» kunne ha vore tittelen på hovudbiletet. Det skildrar ein viktig fase i kjøpsprosessen: kjøpsavgjerda. Men det går føre seg viktige tankeprosessar i hovudet til forbrukaren både før og etter sjølve kjøpet. Også desse er ein del av kjøpsprosessen.
LK20LK06

Ein prosess i fem fasar
Nedanfor ser du eit enkelt flytdiagram som viser korleis vi kan dele kjøpsprosessen inn i fem fasar eller trinn. Sjølv om modellar alltid viser eit forenkla bilete av røynda, gir dei oss likevel nyttige knaggar å tenkje og jobbe ut frå. Dette er dei fem fasane i modellen vår:
- Problemerkjenning: Vi registrerer eit udekt behov.
- Informasjonssøking: Vi finn ulike løysingar som kan dekkje behovet.
- Vurdering av alternativ: Vi vurderer alternativa opp mot einannan.
- Kjøpsavgjerd: Vi bestemmer oss for det alternativet vi meiner dekkjer behovet best.
- Etterkjøpsåtferd: Vi vurderer om kjøpet vårt var riktig.

Sist oppdatert 07.12.2017
Tekst: Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)