Den eksterne delen av eit marknadsinformasjonssystem (MIS) behandlar all informasjon som er utanfor organisasjonen. Denne er ofte usamanhengande og tilfeldig og må systematiserast. Det er nødvendig for ei bedrift å ha god oversikt over eksterne arbeidsvilkår for å unngå ubehagelege overraskingar!

Fire område
Den eksterne delen av eit marknadsinformasjonssystem søkjer og omarbeider informasjon frå fire ulike område:
- informasjon om leverandørar og distributørar
- informasjon om kundar og målgrupper, inkludert preferansane deira
- informasjon om konkurrentar og marknadsføringsstrategiane deira
- informasjon om det offentlige (stat og kommune) og samfunnet vi lever i

Leverandørar og distributørar
Dersom vi skal velje leverandørar og distributørar for bedrifta vår, kan det vere interessant og relevant å skaffe seg informasjon om følgjande:
- Kva prisnivå har leverandøren eller distributøren lagt seg på?
- Er bedrifta økonomisk solid?
- Kva for nokre geografiske område dekkjer bedrifta?
- Kor høgt skårar bedrifta på fagleg kompetanse?
- Arbeider bedrifta også for konkurrentane våre?

Kundar
Vi ønskjer all mogleg informasjon om kundane våre slik at vi kan lage dei produkta dei ønskjer seg, og komme fram til en treffsikker marknadsføringsstrategi. Informasjon om kundar kan til dømes vere demografiske data, som alder, inntekt og utdanning. Psykografiske data, som preferansar, handlemønster og så vidare, er også veldig viktig å kjenne til dersom vi skal marknadsføre effektivt. Informasjon om kundane får vi både gjennom primærdata (eigne marknadsundersøkingar) og sekundærdata (statistikkar og tidlegare undersøkingar).

Konkurrentar
Som marknadsførarar er vi heilt nøydde til å vite kva konkurrentane våre gjer: kor sterke dei er, kva slags produkt dei utviklar, kva slags marknadsføring dei planlegg, og så bortetter. Vi kan søkje informasjon om konkurrentane våre i ulike offentlege register, til dømes Brønnøysundregistra. Vi kan også skaffe oss informasjon om ein konkurrent ved å spørje kundar, leverandørar og andre medkonkurrentar. Og, ikkje minst, vi må sjølv sjå kva konkurrentane våre gjer når dei opererer offentleg.
Det offentlege og samfunnet
Det er mange tilhøve i samfunnet vårt som kan påverke ei bedrift: Alt frå ekstremvêr og økonomiske opp- og nedgangstider til nye skattar og avgifter eller nye politiske tilhøve kan krevje at verksemda endrar strategi. Bedrifter og organisasjonar må derfor halde seg oppdaterte om det som skjer i samfunnet rundt dei, og syte for å vere førebudde når endringane kjem.