Hopp til innhald
Film og filmklipp

Lavlegert konstruksjonsstål 34CrNiMo6 Gnistprøve

Kjært barn har mange namn! 34CrNiMo6. Seigherdingstål er eit anna namn. Ein svensk standard for dette er SS2541. Her syner vi gnistregnet. Ser du skilnad på ulike ståltypar?
Vi ser gnistprøve på lavlegert konstruksjonsstål 34CrNiMo6. Det blir nytta vinkelslipar, så tenk HMS og hugs god beskyttelse! Video: Haldor Hove, Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Kva tyder 34CrNiMo6?

Dette er eit lavlegert konstruksjonsstål då her ikkje er eit eller fleire legeringselement over 5%. Eit lavlegert stål vil ha alle legeringselement under 5%.

C:0,35% Si:0,3% Mn:0,7% Cr:1,4% Ni:1,4% Mo:0,2%

Stålet blir kjenneteikna ved mange taggforma karboneksplosjonar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tom Knudsen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018