Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Castells og nettverkssamfunnet

Manuel Castells blir rekna som ein av dei fremste sosiologane i vår tid. Han har sett på korleis samfunnet vårt endrar seg som følgje av informasjonsteknologi. Vi lever no i det han kallar informasjonsalderen og eit nettverkssamfunn.

Å leve i eit nettverkssamfunn påverkar mange faktorar: kultur, arbeidsliv, sosiale relasjonar og maktforhold, for å nemne nokre.

I denne videoen tar ein professor for seg i korte trekk kva Castells sin teori handlar om, og kritikk av teorien. Du kan velje norsk teksting i innstillingar på videoen.

Oppgåve

Sjå videoen og noter ned tre punkt du fann interessante. Samanlikn punkta dine med det ein klassekamerat eller to har notert, og diskuter kva de meiner er dei viktigaste poenga ved Castells sin teori om nettverkssamfunnet.

Sist oppdatert 17.06.2019
Tekst: Kristin Sundstrøm (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kunnskaps- og informasjonssamfunnet