Hos leddormane er det stor variasjon i både utsjånad, leveområde og åtferd. Gjennom desse refleksjonsoppgåvene skal du fokusere på dei ulike formeiringsstrategiane som kan finnast blant leddormar.
LK06



- Hos leddormane finn det stad både ukjønna og kjønna formeiring. Kan du finne døme på ukjønna formeiring hjå meitemakk, og eventuelt korleis dette skjer?
- Dei fleste marine børstemakkane er særkjønna, og har difor kjønna formeiring. Korleis går sjølve befruktinga føre seg, og kva for fasar inngår i utviklinga til eit vakse individ?
- Meitemakken blir rekna for å vere ein ekte hermafroditt. Kva vil det seie?
- Forklar formeiringa hjå meitemakk både med ord og illustrasjonar.
- På kva slags måte kan vi seie at formeiringa hjå meitemakken er tilpassa eit liv på land?
- Meitemakk ligg i kvar si retning under paringa. Kva trur du kan vere årsaka til at dei ligg "andføttes"?
Sist oppdatert 17.06.2019
Tekst: Ragnhild Baglo (CC BY-SA)