Dinosaurane døydde eigentleg aldri heilt ut, men lever i dag som fuglar. Fuglane har spreidd seg over heile jorda og viser eit mangfald av formeiringsstrategiar. Med kompliserte paringsritual og ved å leggje ned mykje energi og tid i egglegging, ruging og yngelpleie sikrar dei at avkom overlever.

Kva særpregar fuglane?

Forfedrane til fuglane var dinosaurar som utvikla evna til å sveve. I dag er fuglane, i tillegg til flaggermus, dei einaste virveldyra som kan fly. Knoklane er hole, noko som minskar vekta. Eit system av luftsekker og ein svært hurtig hjarterytme sørgjer for effektiv gassutveksling og blodsirkulasjon.
Som dyregruppe er fuglane ein evolusjonsmessig suksess. Dei har spreidd seg over hele jorda, tilpassa seg nesten alle miljøforhold og klarer å formeire seg effektivt nesten over alt. I dag er det det at menneska øydelegg naturlege habitat, som er den største trusselen mot fuglane.
Paring og paringsåtferd
Fuglane er særkjønna. Begge kjønn har kloakk, som er ei felles opning for kjønns- og ekskresjonsprodukt. Hoa har ein eggleiar og eggstokk på venstre side av kroppen, mens hannen har to testiklar og to sædleiarar som munnar ut i kloakkopninga. Når fuglane parar seg, blir kloakkopningane sette mot kvarandre og sædceller blir overførte til eggleiaren til hofuglen (kloakk-kyss).

Mange fuglar utfører kompliserte og spektakulære paringsritual før sjølve paringa skjer. Paringsåtferda kan omfatte endringar i fjørdrakt og fargar, song, spel, dans og rørsler både på bakken og i lufta. Paradisfuglane på Papua Ny-Guinea står i så måte i ei særstilling. Sjølv om det finst unntak, er det vanlegvis hannfuglen som utviklar dei mest praktfulle fargane og formene. Hoa parar seg med hannen som har den mest imponerande utsjånaden og den mest overtydande åtferda. Dermed blir det gena hans som blir førte vidare.
Somme fuglar er monogame og held saman heile livet, mens andre er polygame og skifter partnarar eller har fleire partnarar samtidig.
Egg og hekking
Fuglane vidarefører måten krypdyra formeirar seg på, ved å leggje egg og har utvikla ei rekkje størrelsar, former og fargeteikningar på egget. Akkurat som hos krypdyra sørgjer egget for at fosteret får fukt under utviklinga.

Somme fuglar byggjer kunstnariske reir, mens andre legg egga direkte på underlaget. Hos den afrikanske strutsen, som har dei største fugleegga av alle, byggjer fleire hoer eit felles reir der dei legg egga sine. Polarlomvien hekkar i store koloniar på smale fjellhyller på Svalbard og andre stader i Arktis. Her er egga så koniske at når dei beveger seg, rullar dei i ein sirkel. På denne måten blir faren for at egga fell ned frå dei smale hyllene, redusert. Dette er berre to av ei lang rekkje tilpassingar som fuglane har utvikla for å sikre ei vellykka formeiring.
Blåmeis og kjøttmeis er to artar i nærmiljøet vårt som villig hekkar i fuglekassar. Desse to småfuglane har ofte to kull kvart år der dei kan få fram mellom åtte og ti ungar per kull. Ved å setje opp fuglekassar kan vi hjelpe desse fuglane med formeiringa.
Yngelpleie

Når fugleeggene klekkes, er ikkje ungene ferdig utviklet. Hos artar som hekkar på bakken, kan ungane ofte bevege seg omkring like etter klekking. Hos andre er ungane så små og hjelpelause like etter klekking at dei må pleiast av foreldra i fleire veker før dei blir flygedyktige. I enkelte tilfelle er ungane saman med foreldra i eit år eller meir etter klekkinga.
Fuglane legg ned mykje tid og energi i yngelpleie. Ungane må matast heile døgnet, avfallsstoff må fjernast frå reiret, og reiret må vernast mot fiendar.