Gjennom refleksjonsoppgåvene skal du finne ut meir om krypdyra og formeiringsstrategiane deira.
LK06
Stålorm
Kvifor er det så få krypdyr i Noreg, trur du?
Babyskjelpadder som kravlar ut i havet.
Du har sikkert sett filmar av dei store havskjelpaddene som med stort strev beveger seg på land for å leggje egg i sanden, og av ungane, som med stor risiko for å bli etne av sjøfugl, krabbar tilbake til havet og i sikkerheit. Kva trur du er dei største fordelane og ulempene ved ein slik formeiringsstrategi?
Sleve (Anguis fragilis) er den einaste norske arten i gruppa stålormar.
Han manglar bein og liknar ein slange, men høyrer likevel ikkje med blant slangane. Finn ut kvar sleve høyrer til systematisk, og korleis han formeirar seg.
Bruk eksterne kjelder og finn informasjon om dei store landskjelpaddene på Galápagosøyane.
Reglar for bruk av biletet:
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.