Gjennom desse refleksjonsoppgåvene skal du finne ut meir om korleis fiskane formeirar seg.
LK06
Kva for fordelar og ulemper har guppyen av å føde levande ungar og av at hoa får nok sædceller til fleire svangerskap frå ei enkelt paring?
Klovnefisk blant anemonar.
Klovnefiskar blir òg kalla «anemonefiskar» fordi dei lever heile livet sitt blant tentaklane til anemonar på korallrevet. Kva for fordelar har klovnefiskane av dette? (Bruk eksterne kjelder.)
Tangsnella er ein nålefisk hos oss med eit komplisert og forunderleg formeiringsmønster. Tropiske slektningar er sjøhestane. Kva kan du finne ut om formeringsbiologien til sjøhestane?
Silda er stimfisk og ein av dei aller viktigaste matfiskane våre. Tidleg om våren kjem ho inn til kysten for å gyte. Finn ut kva slags miljøfaktorar som styrer gytinga, og kvifor silda oftast gyter på grunne bukter med sandbotn.
Bruk eksterne kjelder og finn fram til viktige område i Noreg der laksen gyter.
Blåstål forandrar farge ved reproduksjon. Er det fleire artar som gjer dette?
Kvifor trur du blåstålet utviklar spesielt kraftige fargar under paringsleiken? Kva for andre organismar kjenner du som har tilsvarande fargeforandringar når dei skal reprodusere?
Reglar for bruk av biletet:
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.