Insekta er den dyregruppa som utgjer det store fleirtalet av organismar på jorda, og som har enorm stor utbreiing. Stor variasjon i artar gir også eit utal av formeiringsstrategiar, den eine meir forunderleg enn den andre.

Insekt – den største dyregruppa
Insekta høyrer til rekkja leddyr (Arthropoda) der dei kan samlast i klassen Insecta. Insektforskarane har hittil beskrive cirka 1 000 000 artar, men ein reknar med at det finst omkring 5 000 000 insektartar på jorda. Mangfaldet er enormt, og insekta utgjer omtrent 70 prosent av alle dyreartane.

Insekta lever i nesten alle miljø, utanom i havet. Dei viser eit utal av tilpassingar til dei forskjellige miljøa både når det gjeld form og farge, næringsopptak og ikkje minst formeiring.
Mange artar lever ikkje meir enn nokre veker eller månadar. Somme er parasittar og lever på eller i andre organismar i heile eller delar av livssyklusen sin. Andre artar, som bier, veps, humler, maur og termittar, er sosiale og lever i kompliserte samfunn.
Felles for alle insekt er at dei er små. Alle insekt har òg ein tredelt kropp med hovud, bryst og bakkropp. Endå eit fellestrekk er at dei har seks bein feste til brystet.
Formeiring hos insekt

Insekta viser svært stor variasjon i måten dei formeirar seg på. Vepseflugene angrip humler mens dei flyg og legg egga sine inni humlene. Larvane utviklar seg i vertsdyret og vil etter kvart puppe seg. Syttenårssikadane formeirar seg berre kvart syttande år.
Biene har høgt utvikla samfunn der sterile arbeidarar fôrar larvane. Termittane byggjer store tuer som verkar som kjøleanlegg, og dei formeirar seg her. Slik kunne vi halde fram. Formeiringsstrategiane til insekta er nærmast uendeleg mange.
Tre hovudgrupper basert på formeiring
Tek vi utgangspunkt i formeiringa, kan vi skilje insekta i tre hovudgrupper:
- ametabole (direkte utvikling)
- hemimetabole (ufullstendig forvandling)
- holometabole (fullstendig forvandling)
Ametabole insekt – larvar og vaksne ser like ut
Hos denne gruppa blir dei befrukta insekta til små larvar som er miniatyrar av dei vaksne:

Larvane veks gjennom heile livet ved å skifte huda (kutikula) jamleg. Det er dei aller mest primitive insekta som er ametabole. Steinsprett og sølvkre er to døme.
Hemimetabole insekt – ufullstendig forvandling

Hemimetabole insekt går gjennom det vi kallar ufullstendig forvandling. Det befrukta egget blir klekt til ei . Nymfa er ulik dei vaksne individa, men skiftar hud fleire gonger og blir gradvis meir og meir lik eit vakse, kjønnsmodent insekt:
Saksedyr, steinfluger, termittar, knelarar, grashopper, vassnymfer, augestikkarar og bladlus er døme på hemimetabole insekt.
Holometabole insekter – fullstendig forvandling
Dette er insekt som har fullstendig forvandling (metamorfose). Dei befrukta egga blir klekte til ein larve som er totalt forskjellig frå det vaksne insektet i bygnad, utsjånad og levesett. Larven har ofte eit særeige fødeval og bruker heile livet sitt til å ete og vekse.
Når larven er ferdig utvikla, gjennomgår han ei fullstendig forvandling i form av eit urørleg puppestadium. Her blir somme av organa i kroppen brotne ned, mens andre blir danna. Puppa blir klekt til eit fullvakse insekt (imago).
Fleirtalet av insekta høyrer til denne gruppa. Insekt som nettvengjer, biller, vepsar og bier, lopper, fluger og sommarfuglar er alle holometabole artar. Faktisk er to tredelar av alle dyr på jorda holometabole insekt!