Refleksjonsoppgåver til «Formeiring hos flatormar»
Gjennom refleksjonsoppgåvene nedanfor kan du setje deg grundigare inn i levesettet og formeiringsbiologien til flatormane.
LK06
Bruk eksterne kjelder og finn fram til korleis lakseparasitten Gyrodactylus salaris lever, og kvar i Noreg han har gjort stor skade. Korleis kjempar vi i Noreg imot parasitten?
Bruk eksterne kjelder og finn fram til livssyklusen til leverikten (Fasciola hepatica).
Kva tilpassingar har bendelormen utvikla for eit parasittisk liv i tarmen eller i kroppshola til virveldyr?
Mange flatormar kan regenerere (nydanne) kroppsdelar. Kva for andre dyregrupper kjenner du til som kan gjere dette? Kvifor kan ikkje pattedyr eller fuglar regenerere kroppsdelar, trur du?
Mange av dei tropiske flimmerormane har flotte fargar. Kva slags nytte kan dei ha av dette?
Reglar for bruk av biletet:
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.