Nesledyra er enkelt bygde, men har mange ulike måtar å formeire seg på. Dei har alt frå kjønna formeiring hos enkelte korallar og generasjonsveksling hos glassmaneten, til ukjønna formeiring hos anemonane.

Kva er nesledyr?

Nesledyra høyrer til rekkja Cnidaria, der vi finn korallar og anemonar, små hydroidar og frittlevande maneter. Dei aller fleste lever i havet, men nokre få hydroidar finst i ferskvatn. Nesledyra er svært enkelt bygde med tre cellelag og utan indre organ. Namnet har dei fått fordi dei inneheld stikkande nesleceller som lammar byttedyr og kan svi kraftig ved berøring.
Les om tropiske korallar og nesledyr i farvatna våre
Tropiske korallar

Dei grunne, varme tropiske hava er levestaden til mange steinkorallar. Gjennom eit samliv med eincella algar utnyttar dei sollyset og byggjer imponerande korallrev ved å binde kalsium frå vatnet. Saman med korallpolyppane lever det mange andre virvellause dyr og fargerike fiskar her. Korallreva er dei mest mangfaldige økosystema i havet, men reva er no sterkt trua av global oppvarming.
Nesledyr i farvatna våre

Langs norskekysten finn vi djuphavskorallar som òg byggjer rev. Korallreva på kontinental-sokkelen er dei eldste levande dyresamfunna vi har. Somme er meir enn 8000 år gamle. I dag er mange av reva freda, men blir likevel utsette for skade frå fiskereiskapar. I norske farvatn kan du òg finne mange nesledyr på grunt vatn. På bryggjepålar, steinar og på tang og tare i fjøra lever anemonar og fargerike hydroidar. Om sommaren flyt store brennmaneter og dei blå glasmanetene omkring i dei frie vassmassane.
Formeiringa hos nesledyra

Blant nesledyra finn vi særkjønna artar så vel som hermafrodittar. Mange av artane formeirar seg både kjønna og ukjønna.
Dei fleste anemonane og korallane gyter egg- eller sædceller i dei frie vassmassane der egga blir befrukta. Zygoten utviklar seg til ein liten, frittsymjande larve som er dekt med ciliar (planulalarve). Denne slår seg ned på botnen og veks opp til eit nytt nesledyr.
På korallreva ved austkysten av Australia skjer formeiringa samtidig kvart år ei natt i november. Då gyter millionar av korallpolyppar egg- og sædceller i vassmassane. Masseformeiringa blant dei tropiske korallane er eit spektakulært syn og blir først og fremst styrt av vasstemperaturen og månelyset.

Nesledyr kan formeire seg ukjønna på ulike måtar. Anemonane kan dele seg i to eller snøre av vevsbitar frå fotskiva og på den måten klone nye, genetisk identiske individ. Nokre anemonar er vivipare, som betyr at nye individ utviklar seg inni morindividet som så «føder» levande ungar. Hesteaktinien, som er ganske vanleg i tidvass-sona langs norskekysten, er eit døme på dette. Han dannar ungar ved å snøre av vevsbitar eller ved partenogenese (utvikling av ubefrukta egg), mens kjønna formeiring enno ikkje er kjend hos arten.
Generasjonsveksling
Mange maneter og hydroidar vekslar mellom ukjønna og kjønna formeiring i løpet av livssyklusen sin. Dette blir kalla generasjonsveksling. Formeiring ved generasjonsveksling aukar sjansen for å overleve, samtidig som det tek vare på den genetiske variasjonen.