Flatormar er ei mangfaldig dyregruppe med både små og store artar som lever i fuktige miljø. Dei fleste flatormane er hermafrodittar, dei er både hann og hoe samtidig. Nokre artar er parasittar på virveldyr, og har kompliserte livssyklusar som involverer to vertsorganismar.

Kva er flatormar?
Flatormar høyrer til dyrerekkja Platyhelminthes, og flimmerormar er ein klasse i denne rekkja. Flimmerormane er fargerike og lever fritt i havet. (små flatormar) lever i havet, i ferskvatn eller i fuktige miljø på land, som i våt jord og ròtne stubbar. Det finst òg nokre store, riktig vakre terrestriske flatormar i tropiske strøk.

Til flatormane høyrer òg svært mange parasittiske artar i klassane bendelormar og iktar. Til iktane høyrer mellom anna slekta Gyrodactylus, med artar som er utvendige parasittar (ektoparasitter) på fisk, og leverikten (Fasciola hepatica) som har ein livssyklus der dei flyttar frå levra til gallegangen hos virveldyr.
Frittlevande flatormar
Dei aller fleste flatormane er hermafrodittar, men nokre få er særkjønna. Alle flatormar kan formeire seg kjønna og har indre befruktning. Egga utviklar seg til små individ som veks opp til kjønnsmodne flatormar. Hos enkelte marine artar blir egga klekte til frittsymjande larvar som utviklar seg til juvenile flatormar. Mange flatormar kan dessutan formeire seg ukjønna ved knoppskyting eller deling.
Parasittiske flatormar

Dei parasittiske artane har kompliserte livssyklusar som involverer eitt eller fleire vertsdyr. Vi skal bruke bendelorm hos menneske som eit eksempel.
Bendelormar er eit fellesnamn på ei stor gruppe flatormar som lever som parasittar i kroppshola eller i tarmen hos virveldyr. Forskjellige artar er parasittar hos ulike virveldyr. Dei minste bendelormane er ikkje meir enn nokre millimeter lange, mens dei største kan bli opptil ti meter.
På hovudet (scolex) sit det sugekoppar eller krokar som ormen festar seg til vertsdyret med. Bendelormen tek opp næring direkte gjennom overflata, og stel på denne måten næring frå vertsdyret.
Kroppen er sett saman av små ledd der kvart ledd har hannlege og holege kjønnsorgan. Sjølvbefruktning er vanleg, og gjer at kvart ledd kan utvikle seg til ein ny bendelorm.
Livssyklus til bendelorm hos menneske
Det er sjeldan at menneske i Noreg får bendelorm i dag. I andre delar av verda, særleg i tropiske strok, er bendelorm likevel relativt hyppig hos menneske. Dårlege sanitære og hygieniske forhold, og kjøt og fisk som ikkje er godt nok varmebehandla, aukar risikoen for smitte når ein besøkjer andre delar av verda.