Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Formeiring hos bakteriar – øvingsoppgåver

Dette er øvingsoppgåver der du skal jobbe med korleis bakteriar formeirer seg og korleis dei kan vere både til nytte og til skade.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Modell av bakterier. Illustrasjon.
  1. Kva meiner vi når vi seier at «bakteriar bryt ned organisk materiale»? Kva skjer med stoffa i til dømes ein daud elg som langsamt rotnar i skogen?
  2. Gi døme på sjukdommar som blir framkalla av bakteriar.
  3. Kva fordelar har bakteriar av at dei kan formeire seg ved binær fisjon (todeling)? Er det nokre ulemper med ein slik måte å formeire seg på?
  4. På figuren som viser binær fisjon (todeling), har DNA-et i dei to dottercellene fått ulik farge. Kvifor trur du det er slik?
  5. Kva er plasmid, og kva nytte har bakteriane av plasmida?
  6. Kva fordelar har bakteriar av å konjugere?
Sist oppdatert 17.06.2019
Tekst: Alf Jacob Nilsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar