Desse oppgåvene handlar om organsystem for gassutveksling. Dei skal hjelpe deg til å sjå samanhengar mellom korleis desse systema er bygde opp, og korleis dei fungerer. Oppgåvene vil òg utfordre deg til å reflektere over korleis bygningstrekk og funksjon er tilpassa det miljøet som dyra lever i.
LK06

Gassutveksling hos flatmark.
- Kvifor må alle dyr ha tilgang på oksygen?
- Kvar i kroppen blir det brukt oksygen, og kva for sluttprodukt blir danna av oksygenbruken?
- Kva kjenneteiknar dei organa som blir brukte til gassutveksling?
- Korleis skjer transporten av respirasjonsgassar mellom eit dyr og omgivnadene og mellom respirasjonsorgana og cellene?
- Kvifor kan ein del dyr bruke huda til gassutveksling?
- Kvifor treng ikkje insekt sirkulasjonssystemet for å transportere respirasjonsgassar?
- Somme dyr bruker vatn til gassutvekslinga, og andre bruker luft. Kva er dei viktigaste skilnadene på desse to respirasjonsmedia (vatn og luft) når det gjeld utveksling av respirasjonsgassar?
- Fisk bruker motstraumsprinsippet for å ta opp meir oksygen frå vatnet. Tenk deg ein situasjon der blod og vatn i staden strøymer i same retning gjennom gjellene. Kvifor vil blodet då ta opp mindre oksygen frå vatnet enn ved motstraumsprinsippet?
- Pattedyr har eit mykje høgare oksygenforbruk enn amfibium og krypdyr. På kva måte er lungene hos pattedyr tilpassa dette høge oksygenforbruket?
- Kvifor er gjeller og hud lite eigna som respirasjonsorgan hos landlevande dyr, og kva kjenneteiknar respirasjonsorgana dei bruker?
- I lungene hos fugl blir oksygenet teke opp svært effektivt. Kvifor?
- Kva funksjon har luftsekkene i transporten av respirasjonsgassar hos fugl? Skjer det gassutveksling i luftsekkene?
- Beskriv fordelar og ulemper vatn har som respirasjonsmedium samanlikna med luft.
Korleis har dette påverka utforminga av respirasjonsorgana hos fisk og pattedyr?
Sist oppdatert 17.06.2019
Tekst: Jan Eivind Østnes (CC BY-SA)