Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trivsel og hyggje for eldre og underernærte

Etter kvart som vi blir eldre, forbruker vi mindre energi, og dermed treng vi mindre mat. Jo mindre vi et, desto viktigare er det at maten er rik på næringsstoff, slik at vi ikkje får i oss for lite vitamin og mineral. Dette kan ofte vere eit problem blant eldre.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Eit tvillingpar feirar 101-årsdagen sin med kake. Foto.

Ein del eldre får dessutan ikkje i seg nok energi, rett og slett fordi dei et altfor lite.

Undersøkingar viser at eldre over 80 år som i tillegg er kronisk sjuke, og/eller som lir av depresjon eller mental svikt, er i risikosona for å bli feil- eller underernærte. Mange av desse bur på alders- eller sjukeheim, men får likevel ikkje i seg det dei treng av næring. Dette kan kome av fleire ting, men på mange institusjonar kan det heilt klart gjerast meir for å sikre at pasientane eller bebuarane har ein tilfredsstillande ernæringsstatus.

Tilpassa kost

Det kan vere mange grunnar til at eldre på institusjon ikkje får i seg nok mat. Nokon mister interessa for mat eller har dårlegare matlyst på grunn av einsemd og depresjon. Sjuke og pleietrengande eldre kan òg ha nedsett allmenntilstand og vanskar med å tyggje og svelgje. Dei kan derfor ha problem med å ete nok av den maten som blir servert. For å redusere volumet på maten tilrår ein derfor at kosthaldet på sjuke- og aldersheimar inneheld noko meir feitt enn kvardagskosten.

Mange eldre får redusert smaks- og luktesans og bør derfor få tilbod om ekstra krydder for å få ei betre smaksoppleving når dei et.

Det er òg viktig at kosthaldet er tilpassa vanane og tradisjonane til dei eldre, slik at maten som blir servert, er kjend og kjær.

Småsteik av okse, ertestuing, kokte grønsaker, kokte poteter og tyttebærsyltetøy servert på ein kvit middagstallerken. Foto.
Middag med småsteik, ertestuing, kokte grønsaker og kokte poteter. Mange har problem med å tyggje rå frukt og grønsaker, og ein bør derfor kunne tilby kokte grønsaker.

Hyppige måltid

For å sikre at bebuarane får i seg nok energi og næringsstoff, er det viktig at dei et ofte nok. Dei bør derfor få tilbod om fire faste måltid og minst eitt mellommåltid per dag. Så langt det lèt seg gjere, bør bebuarane ha moglegheit til å få mat og drikke utanom faste måltid, slik at dei ikkje går glipp av mat viss dei til dømes har sove under eit måltid.

Etter kvart som vi blir eldre, blir tørstekjensla vår dårlegare. Mange eldre drikk derfor altfor lite, noko som kan føre til dehydrering og «forvirring». For å unngå dette er det viktig at ein så ofte som mogleg tilbyr dei eldre noko å drikke, gjerne jus eller andre energihaldige drikkar for dei som er tynne i utgangspunktet.

Tallerken med brødskive, frukt og eit glas mjølk til. Foto.
For at det ikkje skal gå for lang tid mellom dagens siste måltid og frukost dagen etter, er det viktig at det blir servert eit skikkeleg måltid seinare enn kl. 17.00. Mjølk inneheld mange næringsstoff, og dei eldre bør derfor få tilbod om mjølk til måltida.

Lat dei eldre bidra

Vi har alle ein tendens til å ete meir i «hyggjeleg lag», og dette gjeld sjølvsagt òg dei eldre. Det er derfor svært viktig å gjere måltidet til ei positiv oppleving for bebuarane på ein institusjon. Dette handlar både om kva som blir servert, om korleis maten blir servert, og om miljøet rundt måltidet.

På mange eldreinstitusjonar deltek dei eldre lite i matstellet. Dei blir ikkje spurde om kva slags middag dei vil ha, og mange smør aldri sine eigne skiver eller deltek i menyplanlegging. Dette fører til passivisering.

Trivsel og deltaking kan vere ein føresetnad for matlyst og god ernæringsstatus. Derfor bør bebuarar som har lyst og moglegheit til å delta aktivt i matlaging og servering, få lov til å gjere dette.

Eldre og yngre kvinne lagar mat saman på eit kjøkken. Foto.
Ved å delta i til dømes planlegging av middagsmenyar, dekking av bord eller kaffikoking vil dei eldre kjenne seg meir delaktige, og dette kan fremje matlysta.

Trivsel rundt måltidet

Når vi set oss ned for å ete, har miljøet rundt oss mykje å seie for appetitten og matgleda. Det er til dømes ikkje særleg freistande å ete i eit rom der det luktar urin, eller i ein matsal der målinga flassar av og stolane er vonde. Utforminga til matrommet og val av servise, møblar og gardiner kan påverke appetitten til bebuarane.

Maten skal sjølvsagt sjå appetittleg ut, og det er viktig at det ikkje blir servert for store porsjonar. Det kan nemleg redusere matlysta ytterlegare for dei som allereie slit med å få i seg nok mat.

Sjekkliste for ein optimal etesituasjon

  • Sit personen i ei behageleg stilling?
  • Kan ho/han ete utan ubehag?
  • Kven serverer maten?
  • Korleis ser maten ut, er han appetittleg?
  • Korleis er porsjonsstorleiken?
  • Er porsjonane tilpassa individuelle behov?
  • Er behova for spesielle diettar varetekne?
  • Får personen hjelp til å ete viss det er naudsynt?
  • Blir mykje mat boren ut igjen? I så fall: Kva slags mat er det?
  • Har personen nok tid til å ete?
  • Er tannprotesar tilgjengelege?
  • Er det nok tilsette til stades for å hjelpe til med ekstra behov?
  • Korleis ville du sjølv likt å bli servert denne maten over lengre tid?
Eldre kvinne blir servert av ei yngre kvinne. Foto.
For å få opp matlysta er det viktig å gjere matrommet så hyggjeleg og heimekoseleg som mogleg, til dømes ved å velje gardiner og servise som gir dei eldre ei kjensle av noko kjent og kjært.
Sist oppdatert 17.06.2019
Tekst: Cathrine Borchsenius, Kjøkkenskriveren og Unni Kulhuset Granheim (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kost for eldre

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar