Hopp til innhald

Kokk og servitør

    Råvarer og produksjon

    Både som kokk og servitør må du ha god kunnskap om råvarer og produksjon. Kokken må få fram den beste smaken frå råvarene og dermed gi gjesten ei god matoppleving. Servitøren skal også informere gjesten om menyen og allergen, og må derfor ha god greie på innhaldet i retten.

    Korn og baking

    Menneska har baka brød i fleire tusen år. Dei første brøda blei nok baka på ein annan måte og med eit anna hevemiddel enn vi er vande med i dag. Det finst mange ulike produkt som eignar seg for å få deigar og kaker til å heve.