Hopp til innhald

Kokk og servitør

    Råvarer og produksjon

    Både som kokk og servitør må du ha god kunnskap om råvarer og produksjon. Kokken må få fram den beste smaken frå råvarene og dermed gi gjesten ei god matoppleving. Servitøren skal også informere gjesten om menyen og allergen, og må derfor ha god greie på innhaldet i retten.

    Grønsaker

    Grønsaker er fargesterke, næringsrike, fulle av smak og gir uendeleg med variasjonsmoglegheiter. Dei blir ofte serverte som ein del av garnityret eller tilbehøyret, men er ein viktig del av måltidet som heilskap.

    Undervisningsfilmar om frukt og grønsaker

    Her finn du ei samling av undervisningsfilmar som handlar om frukt og grønsaker og tilverking av desse. Det er ofte betre å sjå korleis ting blir gjort, enn å få det forklart med ord.