Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

SFO – skolefritidsordning

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. årstrinnet og for barn med særskilde behov for 1.–7. årstrinn. SFO kan både vere privat og kommunal. Plikta som kommunen har til å ha eit tilbod, gir ingen rettar for barnet eller foreldra.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Barn leker på SFO. Bilde.

Dette er det same som gjeld for barnehagar, medan skuleplass er ein rett. Plikta som kommunen har til å ha ei skulefritidsordning, er avgrensa til skuleåret, og kommunen har såleis inga plikt til å ha ei slik ordning i feriane. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha gode utviklingsvilkår i SFO, og areala ute og inne skal vere eigna for føremålet. Det er likevel ingen definisjonar for kva som er gode utviklingsvilkår, og det finst ingen sentrale retningslinjer eller føringar for kva innhaldet skal vere.

Ikkje heilt skule og heller ikkje fritid

På mange måtar er SFO i ein mellomposisjon. Ordninga er ikkje heilt skule og heller ikkje fritid. Difor kan det vere litt uklart kva innhaldet skal vere, og kva rettar som gjeld. Det er eit skilje mellom den faglege delen i skulen og SFO, noko som blant anna betyr at barn med særskilde behov ikkje har rett til spesialundervisning i SFO. Ofte er det lite formalkompetanse i SFO, og det kan gjere det vanskeleg å gi eit individuelt tilpassa tilbod til barn generelt, og til barn med utviklingshemming og særskilde behov spesielt. Mange opplever SFO som ein verdifull arena å vere på, medan andre opplever SFO som ein rein oppbevaringsplass.

Sist oppdatert 30.11.2018
Tekst: NAKU (CC BY-SA)

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar