Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Case: På jobb i ungdomsklubb

Dette er ein case for barne- og ungdomsarbeidarfaget som skal brukast til å førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.

Du jobbar i ein ungdomsklubb for ungdom i alderen 10–15 år. Dette er ein klubb for ungdom med ulike typar funksjonshemming, og fleire av dei som deltek på klubben har ulike grader av psykisk utviklingshemming. Dette betyr at det er ganske stor variasjon blant ungdommane, både når det gjeld interesser og funksjonsnivå.

Ungdomsklubben tilbyr aktivitetar som musikk – dei har instrument som kan lånast, ulike typar spel – både brettspel og spel som bordtennis og biljard. Det er også ein gymsal i tilknyting til klubben, denne kan brukast ved behov. Du har fått i oppgåve å lage ein aktivitetsplan for klubben.

• Korleis vil du gå fram for å finne ut/kartleggje kva for aktivitetar som kan vere aktuelle?

• Kva skal vere målet for aktivitetsplanen?

• Korleis leggje til rette for aktivitetar som inkluderer alle, og som alle meistrar?

Sist oppdatert 31.01.2019
Tekst: Hege Nikolaisen (CC BY-SA)
Rettshavar: NAKU

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar

MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar