Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Oppgåver til filmen «Kondom og klamydia»

FooterHeaderIconFooter iconLK06
  1. Finn ut kva for prevensjonsmiddel ungdom kan få hos helsesjukepleiar i dag, og kva dei eventuelt kostar.

  2. Kvifor er det viktig å bruke kondom?
  3. Korleis smittar kjønnssjukdommane?
  4. Lag ei oversikt over dei vanlegaste kjønnssjukdommane, med namn, smittemåte, symptom og behandling.
  5. Korleis kan ungdom finne ut om dei er smitta av ein kjønnssjukdom?
  6. Diskuter kva for rettleiingskompetanse de har på områda
    – prevensjon
    – kjønnssjukdommar
    – graviditet
  7. Kven kan du vise ungdommar til når dei har slike spørsmål?
  8. Diskuter kvifor det er viktig å vise dei unge vidare når du sjølv ikkje har god nok kompetanse.
  9. Bruk nettet og finn sider som gir god informasjon om kondombruk og kjønnssjukdommar. Lag deg ei oversikt over slike sider.

Kjønnssjukdommar blir òg kalla seksuelt overførbare sjukdommar eller veneriske sjukdommar

Sist oppdatert 14.07.2010
Tekst: Guri Bente Hårberg (CC BY-SA)

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar