Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Wenche bidreg på leksehjelpa

Wenche bidreg med leksehjelp. Ho kan tilretteleggje for lekser med enkeltelevar eller med små grupper.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Gutt får hjelp til skolearbeid av lærer. Foto.

I ei av gruppene møter eg elevar som har forskjellige vanskar knytte til læring. I timen hjelper eg dei med leksene, samtidig som det er viktig at eg hjelper dei med å halde oppe motivasjonen for å gå på skulen.

I den eine gruppa er det fire elevar. Då er ein lærar, ein assistent og ein lærling til stades for å hjelpe elevane. Andre gonger kan eg vere åleine med ein eller to elevar som skal ha leksehjelp.

Arbeidet mitt går ut på å rettleie og hjelpe elevane med skulearbeid slik at dei får levert inn oppgåver og lese til prøver. Eg tek meg tid til å forklare fagstoffet på fleire måtar.

Skal eg kunne hjelpe eleven med leksene, må eg ha sett meg inn i fagstoffet før timen. Eg må forstå stoffet for å kunne forklare eleven det han eller ho ikkje forstår.

Eit eksempel frå arbeidet

Ein elev har vanskar med lesing og skriving, og det gjer det tungt for han å arbeide med store oppgåver. Eg gir eleven råd om korleis han kan skrive oppgåva, og eg hjelper han med å få lese gjennom fagstoffet han treng for å løyse oppgåva. Når eleven får rettleiing i korleis han kan løyse oppgåva, blir han tryggare på sin eigen innsats og meistrar det på eiga hand. Eleven gjer oppgåva sjølv.

Sist oppdatert 26.11.2018
Tekst: Wenche Bankhaug Michelsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs