Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Wenche sin tidsplan ei veke på jobb

Timeplanen kan variere frå veke til veke ut frå dei behova skulen har. Her er eit døme timeplanen ei veke for lærlingen Wenche i vidaregåande skule.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Planlegging med PC og notater. Foto.
Tid Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
8.00– 9.00 Planlegging av kom-mande veke Kreativ time med to enkeltelevar, språktrening Leksetime med ei gruppe elevar Kreativ time med Georg. Kjøkkentime med Vg2 helsearbeidarfag, eit spesielt ansvar for Marianne
9.10–10.10 Leksehjelp med fire elevar. Eg og lærar Kreativ time med to enkeltelevar, språktrening Kjøkkenundervisning med tre elevar frå Vg1 restaurant- og matfag Elevane har kjøkkenundervisning når andre elevar har fellesfag. Kreativ time med Georg. Kjøkkentime med Vg2 helsearbeidarfag, eit spesielt ansvar for Marianne
10.20–11.20 Leksehjelp med tre elevar. Til stades for Marianne i klassen. Kjøkkenundervisning med tre elevar frå Vg1 restaurant- og matfag Einetime med Georg Kjøkkentime med Vg2 helsearbeidarfag, eit spesielt ansvar for Marianne
12.10–13.10 Leksehjelp med Marianne Er med i kjøkkentime for å gi støtte til dei elevane som treng ekstra hjelp. Vg1 helse- og oppvekstfag Kjøkkenundervisning med tre elevar frå Vg1 restaurant- og matfag Rettleiingstime Samtale med rettleiar på arbeidsplassen min Arbeid med lærlingperm og planlegging
13.20–14.20 Leksehjelp med Marianne Er med i kjøkkentime for å gi støtte til dei elevane som treng ekstra hjelp. Vg1 helse- og oppvekstfag. ADL. Kjøkkentimar Deltek på møte, ev. støtte ved behov. Arbeid med lærlingperm og planlegging
14.30–15.30 Leksehjelp med Knut Er med i kjøkkentime for å gi støtte til dei elevane som treng ekstra hjelp. Vg1 helse- og oppvekstfag ADL Kjøkkentimar. Deltek på møte, ev. støtte ved behov. Arbeid med lærlingperm og planlegging

Timeplanen har eg utvikla i samarbeid med rettleiar og avdelingsleiar. Målet med timeplanen er at eg skal gi ekstra støtte der det er størst behov for ein ekstra vaksen. Samtidig skal han dekkje dei behova eg har ut frå min eigen læreplane.

Sjølv om ein timeplan styrer dagane, er ingen dag lik i arbeidet med ungdom. Eg opplever nye ting kvar dag. Å arbeide i den vidaregåande skulen er veldig spennande, men det krev at eg er fleksibel, omgjengeleg, omsorgsfull, empatisk, positiv, rettleiande og har interesse for yrket.

Sist oppdatert 25.01.2019
Tekst: Wenche Bankhaug Michelsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs