Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Råvarer, tillaging og produksjon

    Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

    Korn og mjøl

    Korn blir dyrka over heile verda og er ei viktig næringskjelde. Det blir brukt til både mat og dyrefôr. I Noreg dyrkar vi mest kveite, bygg, havre og rug. Mjøl er knust korn, og det kan knusast eller malast til ulike grader. Bakeevna varierer med kornsortane.