Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Berekraftig produksjon

    Temaet berekraftig produksjon handlar om å utnytte råvarer og åredusere matsvinn og utslepp frå matproduksjon. Vidare handlar det om bruk av råvarer, avfallshandtering, gjenbruk og resirkulering og betre utnytting av ressursar over tid. Det handlar òg om å forstå at råvarer er ein avgrensa ressurs.

    Avfall og miljø

    I restaurant- og matbransjane må vi satse på å produsere mindre avfall. Det er òg viktig å sortere det avfallet vi produserer. Målet må vere at avfall som går til gjenbruk eller attvinning, kan bli ein ressurs i staden for eit problem.