Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Varedeklarasjon

Som forbrukarar har vi rett til informasjon om varene vi handlar. Her lærer du litt om korleis næringsmiddel skal vere merkte.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Innholdsfortegnelse og strekkode på pakke med kjøttpålegg.foto.
Slik kan en varedeklarasjon eller ingrediensliste se ut.

Alle ingrediensar som utgjer over to prosent av eit produkt, skal stå i ei ingrediensliste i fallande rekkjefølgje, frå den ingrediensen det er mest av, til ingrediensen det er minst av. Står til dømes sukker først, betyr det at produktet består mest av sukker.

Ingrediensane skal listast opp med kjende namn. Nokre ingrediensar blir nemnde med gruppenemningar, til dømes margarin, majones eller bakefeitt. Produsenten treng ikkje å opplyse om kvar enkelt ingrediens i slike samansette ingrediensar for ingrediensar som utgjer mindre enn to prosent av vara. Det held også å skrive samlenemningar for mellom anna krydder eller grønsaker, dersom kvar enkelt ingrediens utgjer mindre enn to prosent av vara.

Det er ikkje påbode med ingrediensliste på små pakningar som har ei overflata på mindre enn 10 cm2.

Ingrediensar som kan vere årsak til allergiske reaksjonar, skal alltid stå på ingredienslista. Slik kan forbrukarar som lid av allergi eller intoleranse, vere i stand til å identifisere ingrediensar dei ikkje toler.

EU har i 2012 samla det meste av regelverket for merking av mat i éi forordning. Vi ventar no på at dette regelverket skal komma som norsk forskrift. Dei nye kravene gjeld frå 13. desember 2014 med nokre unntak.

Sist oppdatert 27.12.2018
Tekst: Gunnar Ottesen (CC BY-SA)
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs